Endeleg - velkommen tilbake til opnare kyrkjer!

Etter tre månadar med Koronapandemi og strenge smitteverntiltak for samling i kyrkjene, endra styresmaktene frå 15. juni smittevernreglane: Det er ei stor glede å invitere til gudsteneste der heile kyrkjelyden kan samlast, og det er ei stor glede å ønskje velkommen til konfirmasjonsgudstenester!

Illustrasjonsfoto: Todalen kyrkje

sist oppdatert 16.06.20 kl. 12.20

Les smittevernrettleiar for Den norske kyrkja gjeldande frå 15. juni

No blir det ikkje lenger dei 50 utvalde som kan få plass i kyrkja; no er kyrkjene opne for at inntil 200 personar kan samlast til arrangement. Kyrkjelydane slepp å gjennomføre fleire titals konfirmasjonsgudstenester, der berre 50 personar kan vere til stades. No kan inntil 200 ta del og konfirmanten kan bli konfirmert saman med fleire av dei andre i kullet sitt. Ingen tar lenger nokon andre sin plass, dei fleste kyrkjene har plass til alle som ynskjer å ta del. Velkommen!

NB: Lokale bestemmingar i kommunane kan vere strengare enn dei nasjonale smittevernreglane.

I dei nye smittevernreglane heiter det at inntil 200 personar kan samlast. Det gjeld også når kyrkjelydane inviterer til gudstenester og til andre arrangement i kyrkja. Samstundes gjeld 1-metersregelen framleis. Det betyr at ein skal ha minst ein meter avstand til dei som ikkje er i same husstand som ein sjølv. Kyrkjeverjer og kyrkjetenarar har gått rundt med meterstokk i mange av kyrkjene for å rekne ut kor mange dei  einskilde kyrkjene kan romme. Svært få av kyrkjene har plass til 200 deltakarar dersom alle skal ha minst i meter avstand til alle sider. Til dømes får domkyrkja plass til 120 personar, Spjelkavik kyrkje får plass til 165 personar, medan Ålesund kyrkje er av dei få som rommar inntil 200 personar. Mange av kyrkjene i bispedømet er mykje mindre enn sentrumskyrkjene og har plass til færre deltakarar. Talet er ikkje eksakt, sidan talet varierer etter kor mange frå same husstand/familie som er til stades. Dess fleire frå same husstand/familie som tar del, dess fleire får plass i kyrkjerommet. Ta gjerne kontakt med lokalt kyrkjekontor for å få oversikt over kor mange som får plass i di kyrkje!

Unntak frå regelen om 1-meters avstand, gjeld for personar under 20 år som er samla til leiraktivitet, ferietilbod og til skuleliknande fritidsaktivitetar. Regelen får verknad for når konfirmantgrupper har samling. Til dømes kan konfirmantane sitje i ei samla gruppe under konfirmasjonshandlinga, utan at 1-metersreglen gjeld.

Verdt å merke seg er 1.metersregelen heller ikkje gjeld for dei som «står for arrangementet», sjølv om ein alltid skal søkje å rette seg etter gjeldande smittevernreglar

Oversikt over kven som er til stades

Det heiter vidare i smittevernreglane at arrangør skal ha oversikt over kven som er til stades på arrangementet. Dersom smitte oppstår, vil oversikt over kven som er til stades gi god hjelp til smittesporing. For ikkje utfordre personvernreglane, skriv dei som kjem til kyrkjene namn og telefonnummer på ei deltakarliste. Lista blir låst inn og teke vare på i 10 dagar, etter det blir lista sletta.

Fem hovudprinsipp for forsvarleg smittevern

  • Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
  • Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som tar del.
  • Arrangøren har tilstrekkeleg bemanning.
  • Sjuke personar skal ikkje ta del på fysiske samlingar

 

Når ein kjem til kyrkje

I dei ulike kyrkjene planlegg ein for dei nye reglane.

Den trongaste staden i dei fleste kyrkjer er i våpenhuset. Det er ein god ide at ein merkar våpenhuset fysisk slik at dei som kjem blir minne om minna om avstandsreglane. Når ein kjem fram der ein skriv namn og telefonnummer på deltakarlista, brukar ein reingjort penn og legg denne mellom dei brukte pennane etter innskriving. Etter  innskriving står kyrkjevert klar til å vise fram der ein kan sitje. Ein må også huske å rette seg etter gjeldande praksis ved nattverd og halde avstand når ein går fram. Det same gjeld også når gudstenesta er ferdig, Hald avstand, særleg når ein passerer våpenhuset, der kyrkja er på sitt trongaste.

 

I kyrkja som vanleg

Med dei nye reglane kan ein ønskje velkommen tilbeke til kyrkja. Etter ei tid med mange utfordringar, der vi framleis lyt ta smittevernomsyn, kan vi endeleg ønskje velkommen tilbake til kyrkja, til gudstenester, til kyrkjelege handlingar og andre arrangement i kyrkjer og kyrkjelydar. Velkommen!

 

Les smittevernrettleiar for Den norske kyrkja gjeldande frå 15. juni

 

Kontaktinformasjon

Prosten i Ytre Nordmøre prosti Sindre Kulø, prosten@kristiansund.kommune.no, telf. 95826069

Fung. prost i Indre Nordmøre prosti, Vidar Rygh, vidar.rygh@surnadal.kyrkja.no, telf. 91763663

Prosten i Indre Romsdal prosti, Erling Nevland, prost@rauma.kirken.no , telf. 92861905

Domprosten, Olav Gading domprosten@molde.kommune.no, telf. 91846026

Prosten i Nordre Sunnmøre prosti, Svein Runde svein.runde@kirken-aalesund.no , telf. 91114095

Prosten i Søre Sunnmøre prosti, Ingeborg Matre prosten@volda.kyrkje.no , telf. 94806965

 

Eller bispedømekontoret v/

biskop Ingeborg Midttømme, im634@kirken.no

stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, bs665@kirken.no, telf 92810040  

leiar kyrkjefagavd. Arvid Helle, ah274@kirken.no , telf. 41216956

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"