Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

I år er det 150 år sidan det første heftet med nynorske salmar blei gitt ut. Møre bispedøme i samarbeid med Nynorsk kultursentrum ønskjer å markere dette med eit ekstra fokus på den nynorske salmetradisjonen dette året. Konsertar og Elias Blix-utstilling er stikkord for innhaldet i feiringa.

I år satsar Noreg stort på feiringa av den norske boka, 500 år etter at erkebiskop i Nidaros Erik Walkendorf fekk tinga Misale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense. Dette jubileet fell same året som det er 150 år sidan det første nynorske salmeheftet Nokre Salmar, gamle og nye (bildetblei gitt ut. Mannen bak heftet var Elias Blix. Han sprengte rommet for kva språk offentlege religiøse tekstar kunne skrivast på, og no 150 år etter er det som ein gong var kontroversielt ein sjølvsagt del av dei norske kyrkjeromma.

Møre bispedøme ønskjer saman med Nynorsk kultursentrum å feire den nynorske salmetradisjonen som ein del av bokåret 2019. Mange av dei mest kjende nynorske salmediktarane har sine røter frå vårt område. 

 

Vi ønskjer å oppmode kyrkjelydane til å ha eit særleg fokus på dei nynorske salmane dette året. 

 

  • Nynorsk kultursentrum har to Elias Blix-utstillingane . Desse utstillingane kan dette året lånast gratis for kyrkjelydane i bispedømet. Dei er på tolv plansjar på 50 cm x 50 cm. Dei kan hentast i Aasen-tunet, eller frå ein kyrkjelyd som har lånt den før dykk. Tinging: admin@aasentunet.no, eller ring 70 04 75 70, spør etter Anders Aanes eller Gaute Øvereng.
  • Salmekveld med nynorske salmar
  • Arrangere «Min favorittsalme» blant dei nynorske salmane
  • Kan det være aktuelt for din kyrkjelyd å berre syngje nynorske salmar ein av søndagane i kyrkjeåret?
  • I samband med feiringa blir det planlagt ein konsertserie med nynorske salmar. Meir informasjon om dette kjem seinare. 

 

Søk støtte

Kyrkjerådet har fått ei løyving på 600 000 kroner til støtte for arrangement i regi av kyrkjelydane i samband med Bokåret 2019. På www.kirken.no/bokaret-2019 ligg informasjon om korleis ein kan søke støtte til lokale arrangement.

Søknadsfrist er 1. april 2019.

 

Meir informasjon om Nynorsk kultursentrum sine to Elias Blix-utstillingar:

Mannen som kristna landsmålet


Elias Blix (1836-1902) er i dag best kjend for salmane sine. Utstillinga Mannen som kristna landsmålet, frå 2002, viser at han hadde mange jarn i elden – han var mellom anna politikar, målmann og bibelomsetjar. Gjennom salmane til Blix blei nynorsken sungen inn i kyrkja. Den første samlinga, Nokre Salmar, kom i 1869, og det kom nye samlingar i 1870 og 1875. Etter at departementet godkjende salmane hans til bruk i kyrkja i 1892, blei Blix den første nynorske bestseljaren. 

Elias Blix var fødd i Gildeskål i Nordland, men besøkte heimstaden berre ein einaste gong etter at han reiste til Kristiania i 1859. Likevel er han nært knytt til landsdelen, ikkje minst gjennom den nordnorske nasjonalsongen «Å, eg veit meg eit land!» som sist var å høyre i den Oscar-nominerte filmen Roma. 

Elias Blix – Ordets sølvsmedkunstnar

Den store salmediktaren som ikkje var prest, den kjedelege stortingsmannen, språkgeniet. Mykje kan seiast om Elias Blix, og det blir det også gjort i temautstillinga «Elias Blix – Ordets sølvsmedkunstnar». Utstillinga byggjer vidare på Mannen som kristna landsmålet. Mellom desse to utstillingane kom  Blix-biografien Ein betre vår ein gong, av Anders Aschim, og doktoravhandlinga Gudsord og folkemål - framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908, skriven av Per Halse. Det gjorde at ein hadde eit enno større fagleg grunnlag å byggje utstillinga på.

 

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

 

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja

v/Møre bispedøme
Scanningsentralen

Rjukan Næringspark

3660 Rjukan

 

EHF-id./org.nr: 818 066 872

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"