Frå domkyrkja til bispedømekontoret

Tidlegare sokneprest Grethe Lystad Johnsen har takka ja til ei fast stilling som rådgivar for misjon og kyrkjefag.

Grethe Lystad Johnsen vart i november fast tilsett som rådgivar misjon og kyrkjefag i Møre bispedøme.

Johnsen har vore vikar i stillinga sidan 1. februar i år, og har i same periode hatt permisjon frå prestetenesta i domkyrkja. Frå november av blir ho fast tilsett som misjon- og kyrkjefagsrådgivar på bispedømekontoret. Dermed må Johnsen leggje frå seg alba og messehagel for denne gong.  

- Eg har jobba lenge i same stilling og i same kyrkjelyd. Og eg må få seie at det har vore veldig fint, domkyrkja har vore ein stad eg har trivds.

- Men no følte eg at eg var klar for nye utfordringar. Det å få reise rundt og besøke kyrkjelydar i heile Møre bispedøme, både for å lære, hjelpe til der eg kan, og utvikle kyrkjelydsarbeidet, ser eg veldig fram til. Alt utviklingsarbeid i kyrkjelydane handlar om å nå fleire med evangeliet. Det er jo det prestegjerninga også handlar om. Og no får eg moglegheit til å jobbe med dette i heile bispedømet, slår Johnsen fast.

Johnsen var kapellan i Molde domkyrkje i ti år, og seinare sokneprest i åtte år, før ferda no gjekk til bispedømekontoret.  

- Det har vore ei veldig kjekk tid i Molde domkyrkje, og no unner eg ein ny prest å vere del av ein fantastisk kyrkjelyd, seier Johnsen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"