Fryktar flaumkrise for kyrkjene i Møre

25 kyrkjestader i Møre bispedøme er truga av jord- og flaumskred. Bråvarme og snøsmelting i vår kan løyse ut flaum og skred og gje store og belastande skader på både gravplassar og kyrkjer. Kommunane har beredskapsansvaret. Les om kyrkjene dette gjeld!

Austefjord kyrkje i Volda kommune er ein av til saman 20 kyrkjestader i Møre som er innanfor NVE si aktsemdsone for jord- og flaumskred, og der det kyrkjelege fellesrådet har varsla flaumfare i sin eigenkontroll. I tillegg til dei 20 kyrkjestadene innanfor NVE-sona er det for fem andre kyrkjestader i Møre meldt inn uro for flaum og skred.

Styresmaktene er i vår særleg uroa for at dei store snømengdene kan løyse ut storflaum dersom vårvarmen kjem brått. Dette kan gje store og belastande skader på både gravplassar og kyrkjer.

 

Ein fersk oversikt frå KA (Kyrkjeleg Arbeidsgjevarorganisasjon) viser at kyrkjene i Møre bispedøme er mellom dei mest utsette dersom dette skulle hende, og oversikten viser at risikoen gjeld kyrkjer spreidd ut over fjordlandskapa i dei fleste prostia.

 

  

Kyrkjene i Møre som står på farelista er: 

 

Surnadal og Rindal: Øvre Rindal**, Ranes*, Åsskard***, Stangvik*, Todal*.

Kristiansund: Grip*

Gjemnes: Øre*

Rauma: Rødven stavkyrkje*, Kors*,

Nesset: Nesset*, Sira*, Vistdal*, 

Vestnes: Tresfjord*, Vike*

Fræna: Vågøy*

 

Stranda: Stranda** 

Volda: Austefjord**

Stordal: Stordal***, Rosekyrkja*

Norddal: Sylte***, Norddal***

Ørsta: Bjørke*, Ørsta*

Ørskog: Ørskog*

Herøy: Leikanger***

 

*       Kyrkjer i NVE si aktsemdsone for jord- og flaumskred

**   Kyrkjer som både er i NVE si aktsemdsone og der dei kyrkjelege fellesråda har varsla
         flaumfare i sin eigenkontroll.

***  Kyrkjer utanfor NVE si aktsemdsone, men der dei kyrkjelege fellesråda har meldt inn uro for
         flaum

 

 

 

TABELL: Kyrkjene i Møre er mellom dei mest utsette i landet for flaum og jordskred. (illustrasjon frå KA sin nøkkeltalsrapport kyrkjebygg i Den norske kyrkja)

 

 

Kritisk

Ved ein flaumsituasjon kan det bli kritisk for gravplassane, ved at graver i verste fall kan bli skylte ut. I tillegg til gravplassane kring dei flaumtruga kyrkjene kan dette også gjelde fleire gravplassar som ligg utanfor kyrkjestadene.

Oversikten over flaumtruga kyrkjer er kome fram i samband med ein fersk tilstandsrapport utarbeidd av den kyrkjelege arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen KA. I rapporten går det fram at 15,3 prosent av kyrkjene i landet ligger innanfor ei definert aktsemdsone for jord- og flaumskred. I følgje Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er faren for flaum og leirskred innanfor denne sona så stor at kommunane må gjennomføre detaljert risikoanalyse.

 

 

BILDET: Sira kyrkje i Eresfjord er mellom dei kyrkjene i Møre som står innanfor NVE si aktsemdsone
for jord- og flaumskred.

 

 

Kva bør ein gjere dersom kyrkja og gravplassen er i ei aktsemdsone?

  • Ta kontakt med kommunen og undersøk om kyrkja og/eller gravplassen er innlemma i kommunens kriseplaner for flaum. Kommunen har ansvaret for flaumberedskap.
  • Sjekk om kommunen har gjort detaljerte flaumfareberekningar på grunnlag av NVEs aktsemdsoner.
  • Undersøk at avløpsvegar som stikkrenner og kummar er opne, slik at dei gir vatnet fri passasje.
  • Sjekk om det finst bekkar som kan bli ei utfordring dersom flaumvatn tek andre vegar enn vanleg.

 

Kommunane har ansvaret

Det er kommunane som har det formelle ansvaret for kriseberedskap ved flaum, medan det er kyrkjeleg fellesråd som forvaltar sjølve kyrkjebygga. For å forebygge hendingar utover våren, når flaumfaren kan bli akutt, bør dei kyrkjelege fellesråda no gå i dialog med kommunane og sikre at kyrkjene og deira nære omgjevnader er omfatta av dei kommunale beredskapsplanene, understrekar KA.

 

I faresona 

– Kartlegging av skred- og flaumfare er ein del av kyrkjekontrollarbeidet som alle fellesråd årleg utfører og rapporterer inn til KA, seier leiar av kyrkjeverjelaget i Møre, Ingeborg Nordlund. – Vi veit, og ser av KA sin oversikt, at fleire av våre kyrkjer er i faresona med tanke på flaum og jordskred, og vi følgjer no utviklinga lokalt og regionalt nøye. Kyrkjeverjene i Møre samarbeider med sine respektive kommunar når det gjeld arealplanar og denne beredskapen, seier Nordlund.

 

Tryggleik

Fylkesberedskapssjef Stine Sætre peikar på at kommunen har eit overordna og lovfesta ansvar for å ivareta befolkninga sin tryggleik. – Det ligg likevel eit grunnleggjande ansvar for å beskytte seg sjølv og eigen eigedom. Kommunane har ansvar for å ta omsyn til risiko som t.d. flaum og skred ved plassering av ny utbygging, og gjennom lokal beredskap ta vare på eigne innbyggarar om ei krise skulle oppstå. Områda innanfor NVE sine aktsemdsoner for skred eller flaum er område der ein bør ha ei særskild merksemd, seier Sætre.

 

– I Noreg blir vêret kontinuerleg overvaka og store flaumar blir gjerne varsla ei tid i førevegen, anten gjennom vêrvarsling eller spesielle flaumvarsel. Dette gjer det mogleg både for privatpersonar og det offentlege å førebu seg best mogleg, seier fylkesberedskapssjefen.

 

Om ein ventar flaum peikar ho på følgjande aktuelle tiltak:

  • Flyttbare gjenstandar (som t.d. bilar, båtar og anna lausøyre) bør sikrast eller flyttast. Slike ting er gjerne verdfulle. Dei kan også gjere stor skade på bruer og bygningar viss dei følgjer med vassdraget nedover. Tenk førebygging og utnytt tida før vatnet kjem.
  • For å avgrense skadane på eigen eigedom bør ein sørgje for at takrennene er opne og at det ikkje ligg kvist eller lauv som sperrar for vatnet i avløp og mindre bekkar. Rydd også verdfulle gjenstandar opp frå kjellaren.»

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"