Høgtid i domkyrkja

Palmesundag vart to diakonar vigsla av biskopen.

Diakon Eline Elnes Rabbevåg, biskop Ingeborg Midttømme og diakon Linda Slyngstad. Foto: Møre bispedøme

I kyrkja er det noko som blir kalla dei vigsla tenestene. Medarbeidarar som har fullført utdanning, og som går inn i ei kyrkjeleg teneste, blir vigsla. For prestar er vigslinga naudsynt for å få fast stilling. Dei alle fleste diakonar, og kateketar, er vigsla, medan også ein del av kantorane let seg vigsle. Vigslinga er kyrkja si stadfesting av den einskilde sitt kall og på at ein er tilsett i ei kyrkjeleg teneste.

Palmesundag var det høgtid i domkyrkja. To diakonar vart vigsla til diakoniteneste. Linda Slyngstad har vore i diakonteneste ei stund og hatt tenesta si i sokna i Haram. Langsmed arbeidsdagen har ho fullført utdanninga si og kunne feire med vigsling.

Den andre som blei vigsla var Eline Elnes Rabbevåg. Eline har ei tid hatt teneste som diakonirådgivar ved Møre bispedømmekontor. I høve vigslinga var Eline også utfordra til å halde preika denne dagen. Ho tok oss med inn i palmesundagstekstane på utfordrande og god måte.

- I forkant av vigslinga var eg veldig ambivalent til det å skulle vigslast, og eg grua meg til dagen. Eg var usikker på kva slags betydning vigslinga ville få for meg, og synes det var ubehageleg å skulle vere så mykje i fokus. Men så blei opplevinga av dagen så veldig fin. Heile dagen hadde eg følelsen av å vere omslutta av eit fellesskap som ønska meg vel og heia på meg - kyrkjelyd, kollegaar, familie og vener. Gudstenesta opplevdes som eit felles prosjekt, som vi var mange om å gjennomføre. Ikkje minst tydde det mykje for meg at vi var to som skulle vigslast, og at eg fekk dele dagen med Linda, seier den nyvigsla diakonen Rabbevåg.

Framme frå venstre: Tone Synnøve Øygard Steinkopf, Kristin Endresplass Ervik, Eline Elnes Rabbevåg, biskop Ingeborg Midttømme, Linda Slyngstad og Asbjørg Oksavik Sve.

I midten: Lars Skagestad, Benedicte Bjørkmo, Arvid Helle, Svein Runde og Grethe Lystad Johnsen.

Bakerst: Margaret Mørk, Vibeke W. Gjære og Marit Nordhaug. 

 

Palmesundag er festen som er opptakten til påskeveka (den stille veka). Kyrkjelyden tok godt imot begge kandidatane og på kyrkjekaffearrangementet i domkyrkjekjellaren etter gudstenesta fekk dei to mange godord og helsingar med vidare.

Vigslinga skapar få endringar i arbeidsoppgåver og den ytre tenesta. Likevel skapar skråstolaen som den vigsla fekk lagt på seg, forbøna, handtrykket og vigslingshandlinga  ei visse og ein ny identitet som går lenger og djupare enn  den ytre handlinga. Møre bispedøme ønskjer begge to lykke til i diakontenesta!

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"