Idébank om jul i kyrkjene 2020

Med koronasituasjonen som alvorleg bakteppe inviterer Den norske kyrkja kyrkjelydane til idémyldring og samarbeid om idéar og forslag til korleis årets advent- og jul kan bli markert og feira!

Idébank om jul i kyrkjene 2020

Mange kyrkjelydar er godt i gang med planlegginga av årets juleaktivitetar i kyrkjer og kyrkjelydshus. Mange kjenner kanskje arbeidet ekstra utfordrande i år, med mykje usikkerheit og atterhald knytt til arrangement i kyrkjene.

Kyrkja vil kome alle i møte med årets advent- og juleidébank! Gjennom nettsida kyrkja.no/jul2020 blir kyrkjelydar over heile landet inviterte med i ein juledugnad, der ein kan hente og spele inn forslag, idéar, tiltak og inspirasjon til korleis jula 2020 kan bli markert:

Idémyldring
Har du ein god idé til juleverkstad? Eller korleis møte einsame og sjuke? Treng du idéer til korleis samlast på julaftan? Eller kanskje gode malar til sosiale media? På nettsida til kyrkja kan de sende inn og dele dykkar idéar og utfordringar!

Tysdag 13. oktober kl. 10 inviterer kyrkja til digitalt idémyldringsmøte om advent og jul! Under møtet vil idéane som alt er spela inn bli presenterte, og det blir høve til spørsmål og svar og fleire innspel. 

 

Idébank
Idéane som blir sende inn blir samla, systematisert og presentert i ein Idébank, som alle har tilgjenge til (frå og med 12. oktober).

 

Møre bispedøme vil oppmode kyrkjelydane i Møre til å nytte dette høvet til å hente inspirasjon og dele sine idéar med heile kyrkje-Noreg! 

Få med deg staben og frivillige på digitalt idémyldringsmøte og bruk ressursane som kyrkja tilbyr i arbeidet med å leggje til rette for julefeiringa 2020!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"