Verktøy for nettkonferansar

Våren er for mange ei tid for stiftsdagar, kurs og konferansar! Denne våren må ein i stor grad gjennomføre desse digitalt. Her finn du råd til planleggingsarbeidet og forslag til ulike digitale verktøy.

Verktøy for nettkonferansar

Planlegging

Eit digitalt seminar eller konferanse krev andre rammer enn når ein samlast fysisk. Her er nokre punkt til drøfting i planleggingsarbeidet: 

  • Digitale møter tek ofte mindre tid – vurder tidsrammene for samlinga
  • Legg inn tilstrekkelig med pausar – og informer om desse undervegs
  • Skal fleire vere med som bidragsytarar bør ein invitere til ei testsending for å teste lyd og bilete
  • Det kan vere slitsamt å sitje ein lang dag fram føre ein skjerm – vurder om ein vil spreie innhald over fleire dagar
  • Ha ein person som kan styre teknikken, slik at foredragsholdar kan fokusere på innhaldet
  • Direktesendt eller førehandsinnspelt? Direkte gjev gode mogelegheiter for interaksjon, og kan gje betre deltaking. Førehandsinnspelte videoar gjer at folk kan sjå når det passar
  • Send ut informasjon om møteverktøy i god tid, slik at folk kan førebu seg, registrere seg og eventuelt testa det tekniske

 

Microsoft Teams – Live event

Kirkepartner tilbyr Teams til alle tilsette i kyrkja. Live event-funksjonen vert først tilgjengelig i mai, det er uavklart om tilgang/kostnad til dette – ta kontakt med Kirkepartner Servicedesk for meir info.

  • FOREDRAG: Ein person har eit foredrag, og kan dele skjerm undervegs med presentasjon, film eller bilete
  • INTERAKSJON: Dei som fylgjer møtet kan stille spørsmål/kommentarer undervegs
  • GRUPPEARBEID: Del deltakarane opp i grupper på førehand, lag eigne kanalar eller samtalar i Teams – og be dei arbeide der eit visst tidsrom
  • DELING: Dei som skal følgje sendinga får ein link til Teams, som opnar eit eige vindauge på sin pc. Ein kan ta opptak av sendinga og lagre denne på til dømes Youtube.
  • PROGRAMVARE: Kirkepartner tilbyd Teams til alle i kyrkja, og mange har programvara lasta ned frå før. For dei som ikkje har programvara, kan ein følgje sendinga i ein nettlesar.
  • PRIS: Foreløpig ingen kostnad frå Kirkepartner, men dette kan endre seg.

 

Zoom Webinar

Mange har nytta Zoom som møteverktøy. Zoom har også ei løysing for webinar, med gode mogelegheiter for interaksjon.

  • FOREDRAG: Ein person har eit foredrag, og kan dele skjerm undervegs med presentasjon, film eller bilete
  • INTERAKSJON: Dei som fylgjer møtet kan stille spørsmål, kommentere og stemme i avstemmingar undervegs
  • PANELSAMTALE: Fleire personar kan diskutere eit tema 
  • GRUPPEARBEID: Arrangøren kan dele inn alle deltakarane i grupper, tilfeldig eller planlagt inndeling. Deltakarane blir automatisk flytta i eit grupperom, og blir automatisk flytta tilbake når arrangøren ber om det.
  • GOD KONTROLL: Arrangøren har god kontroll, og kan skru av og på lyd for deltakarar, og ein kan ha chat utanom spørsmål/svar. Ein kan også få rapport på deltakinga.
  • DELING: Dei som skal følgje sendinga får ein link til Zoom, som opnar eit eige vindauge på sin pc. Ein kan også strøyme sendinga til Youtube eller Vimeo, og sende ut link til denne sida.
  • PROGRAMVARE: Enkel installasjon for presentørar og deltakarar
  • PRIS: Ca 55 USD per månad for inntil 100 deltakarar, dyrare for fleire deltakarar.

 

Youtube

Youtube er først og fremst ei plattform for å publisere filmar, men ein kan også ha direktesendingar der ein kan ha chat og avstemmingar.

Youtube eignar seg godt dersom ein vil spele inn fleire filmar på førehand og publisere desse samla, så deltakarar kan sjå når det passar. 

  • FOREDRAG: Ein person har eit foredrag, filma med mobilkamera eller webkamera. For vise bilete/presentasjonar krevst eiga programvare.
  • INTERAKSJON: Dei som fylgjer møtet kan stille kommentarer på direktesendingar 
  • DELING: Filmane, direkte eller førehandsinnspelt, kan publiserast på Youtube, eller ein kan setje opp fleire filmar på ei nettside
  • PRIS: Gratis

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"