Sjå tilsendt "Invitasjon til samråd 13. mars", sendt til alle sokneråd og kyrkjelege fellesråd i starten av februar. Her finn du fullstendig program, og nødvendige lenkar for å delta på dei to Teams-møta.
Samrådet blir gjennomført digitalt på Teams, og møtet er delt i to delar med ulike innloggingar. I del 2 av møtet deler vi deltakarane inn i grupper, difor er det viktig at du melder deg på.
Forslag til spørsmål som skal diskuterast i gruppesamtalane, og sams møteagenda for samråda finn du her: Kirkelig organisering - Den norske kirke (kirken.no)
Del 1: kl. 18 til ca. kl.19. Kyrkjerådet presenterer sakar til Kyrkjemøtet.
Praktisk informasjon, innledning, presentasjon og eventuelle spørsmål i plenum.
Del 2: ca. kl.19 til kl. 21. Dette møtet er delt inn bispedømevis.
50 min: Gruppesamtalar der kvar gruppe jobbar i digitale grupperom knytt til eitt eller fleire av dei utsendte spørsmåla. Gruppene avgjer sjølve kor mange spørsmål dei ønskjer å diskutere og svara på. Kvar gruppe vel ein "sekretær" som skriv inn kven og kva for råd som er representert i gruppa, og skriv inn gruppa sine svar i svarskjema.
45 min: Oppsummering i plenum