Misjon - tvang til tru eller frisetting frå band?

´Misjon - tvang til tru eller frisetting frå band´ er hovudtemaet under fagdagen om misjon på Vestheim, Vestnes 5. februar 2020. Mellom innleiarane er generalsekretær Knut Hallen i SMM og Areopagosprest Tore Laugerud. Meld deg på her!

Knut Hallen i SMM (t.v.) og Areopagosprest Tore Laugerud er innleiarar under fagdagen misjon på Vestheim 5. februar 2020.

Meld deg på fagdagen Misjon -  tvang til tru eller frisetting frå band?

Kyrkja er ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje, og nokre spør om misjon og open ikkje er litt motsetningar? Kan misjon ha tanken om tvang i seg?

Det Lutherske verdsforbundet seier i ein uttale frå 2003:

"Vår deltakelse i Den treenige Guds misjon involverer tre dimensjoner: diakoni, forkynnelse og dialog. Disse hører nært sammen og er nødvendige og umistelige sider ved kirkens oppdrag"
 

No ønskjer vi å tenkje at misjon ikkje er frå vesten til resten, men at misjon går begge vegar. Misjon er heller ikkje berre frå ein kultur til ein annan. Vi som folkekyrkje opplever meir og meir å stå i ein misjonerande kvardag, der bodskapen vår ikkje nødvendigvis er forståeleg for mange.

Til å belyse desse tema får vi besøk av Knut Hallen, generalsekretær i SMM, som vil kaste lys over kva nyare forsking seier om kva effekten av misjon har vore.

Areopagosprest Tore Laugerud vil ta for seg temaet «Misjon, tvang til tru, eller frisetting frå band?». Misjon i 2020.

Elles vert det eit tema om den misjonerande folkekyrkja.

På fagdagen vert dei fleste av misjonsorganisasjonane representert, og desse er: Himalpartner, Areopagos, Normisjon, Stefanusalliansen, Isralesmisjonen, Misjonsalliansen og NMS/NMS-U. Organisasjonane vil ha med materiell som kan nyttast av kyrkjene i forkynning, trusopplæring og diakoni.

Fagdagen sluttar med ein panelsamtale om dagens tema, og med eit Gå i fred, og ten Herren med glede.

– Vi håper på ei brei mønstring om ei av kyrkja sine primæroppgåver, seier Olav Rønneberg i arrangementskomiteen. – Meir informasjon kjem, og sett av dagen allereie no, oppmodar han.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre bispedøme, SMM, Presteforeninga, Diakonforbundet og Kirkelig undervisningsforbund. 

Meld deg på fagdagen Misjon -  tvang til tru eller frisetting frå band?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"