Sjukehuspresten - ein å snakke med i sorg og glede

I Helseføretaket Møre og Romsdal er det presteteneste med 4 tilsette; ein på kvart sjukehus i Møre og Romsdal. – Når du sjølv eller ein av dine næraste blir lagt inn på sjukehus, kan det dukke opp tankar og kjensler som det kan vere godt å snakke med nokon om. Då er vi i prestetensta tilgjengeleg for samtale, understrekar sjukehusprest i Volda, Odd Erling Vike Nordbrønd.

Sjukehusprestane og sjukehusdiakonen i Helse Møre og Romsdal møter alle slags menneske i alle slags situasjonar i livet: Frå v. sjukehusdiakon Toril E. K. Holm (Kristiansund) ,sjukehusprest Odd Erling Vik Nordbrønd (Volda), sjukehusprest Odd Arne Skogen (Ålesund), sjukehusprest Håvard Ervik (Molde)

Prestetenesta i Helse Møre og Romsdal

Av Odd Erling Vik Nordbrønd, april 2020

Koronatid

Våren 2020 har vore meir enn spesiell. Alt handlar om Covid 19 eller Koronapandemien. Dette ser vi i alle lag av samfunnet. Vi ser det i kyrkjelydane, ved at det ikkje er samlingar eller gudstenester som normalt, det er berre kyrkjelege handlingar som skjer – og då med avgrensa deltaking. Det er mange som er råka av situasjonen. Ikkje minst er det vanskeleg å besøke sine næraste på sjukehus eller sjukeheimar. Dei som er utsette grupper får ikkje besøk av sine næraste, og dei som er alvorleg sjuke vert mykje åleine – kanskje også dei i livets siste fase. Det er mange rundt omkring, anten dei er på institusjon eller heime, som i desse dagar er urolege og kjenner på angst. Urolege for eigen del, urolege for sine næraste, urolege for verdssituasjonen.

Korleis er det å vere sjukehusprest i desse tidene? Det er mange som har spurt.
Det er eit forståeleg spørsmål. Men erfaringane så langt er at det har vore relativt stille.
Det er relativt få inne på sjukehuset som vert handsama for korona. Samtidig er det mykje av anna planlagt aktivitet som er sett på vent. Vi har også fått beskjed om å vere tilbakehaldne. Det har ikkje vore ønskjeleg at ein skal krysse fleire avdelingar. No, like etter påske, kan det sjå ut til at ein opnar for meir normal aktivitet igjen. Men smittetiltaka vil halde fram ei god tid enno. Vi får vone at viruset meir og meir slepp taket. Om det skulle auke igjen, vil det igjen verte strenge tiltak.

I denne samanhengen går våre tankar til dei som står i førstelina inn mot dei som er smitta; Legar, sjukepleiarar og andre som står med smittevern i fleire timar i strekk. Helsepersonell, ambulansepersonell, dei som arbeidar i gravferdsbyrå. Det er mange som kan trenge forbøn og omtanke.

Her ei bøn som Martin Enstad, leiar i Presteforeininga har skrive:

Kjære Gud, hør en stille bønn.
For alle dem som gråter.
For dem som venter på at alt skal gå over og håper på en bedre dag, ganske snart.
For alle dem som venter på gode nyheter, helbredelse og framtid.
For dem som sliter med å holde ut sammen med dem man egentlig elsker.
For alle utålmodig som helst vil invitere til fest, glede og sang, men som ikke får lov.
For alle de kreative som blomstrer, og de som blir litt slitne av stadig nye stunt.
For de som lever med angst for vold, for endring, for sykdom, for døden.
Kjære Gud, det begynner å bli slitsomt dette her. Gi oss det vi trenger, det er ikke sikkert vi vet hva det er. Og hjelp oss å se hvor uendelig privilegert vi egentlig er.

Amen

 

Prestetenesta ved sjukehusa

Vi er 3 sjukehusprestar og ein diakon ved sjukehusa i Møre og Romsdal.
Når du sjølv eller ein av dine nærmaste blir innlagt på sjukehus, kan det dukke opp tankar og kjensler som det kan vere godt å snakke med nokon om. Eller kanskje berre vere saman med nokon om. Vi vil gjerne vere der for deg anten du er pasient eller pårørande.

Vi har brei kompetanse og lang erfaring i å møte menneske i sorg, uro og krise, og vi er ein integrert og naturlig del av sjukehuset sine ulike behandlingsmiljø.

Ein treng ikkje ha ei kristen eller religiøs tru for å snakke med oss. Vi respekterer menneske frå alle trus- og livssynssamfunn og formidlar gjerne kontakt med representantar for eit av desse om du ønskjer det.

 

Våre oppgåver

Samtalane med pasientar og pårørande er noko av det viktigaste vi gjer. Du bestemmer sjølv kva ein slik samtale skal handle om. Det kan vere om det som er vondt og vanskeleg i forhold til livet - sjukdom, behandling, smerter, angst, depresjonar, familiesituasjonen, tru og tvil. Og det kan vere om glede, takksemd og gode ting!
Prestetenesta har både ei kyrkjeleg og ei meir allmenn side. Vi er ordinerte/vigsla i Den norske kyrkja og står til teneste med sjelesorg, forbøn, dåp, nattverd, vigsel, båreandakt og andre kyrkjelege handlingar. Prestane har teieplikt og skriv ikkje journal.

I sjukehuset blir prestetenesta også nytta i kriser, i familiekommunikasjon, i tema knytt til etikk og verdiar, i tverrfagleg samarbeid, i personalarbeid og i undervisning. Prestetenesta har siste åra hatt ansvaret for refleksjonsgrupper for seksjonsleiarar, og vi kan også ha andre vegleiingsfunksjonar.

Alle sjukehusa har kapell og samtalerom, nokre av desse er opne frå innsida av sjukehuset. Det er ikkje lenger vanleg med eigne gudstenester ved sjukehusa, sjølv om det kan vere ei og anna samling. Vi delar på å skrive ei søndagshelsing som vert delt ut på ymse stadar ved sjukehusa.

 

Framover

Dei fleste veit at det nærmar seg byggjestart av nytt sjukehus på Hjelset mellom Molde og Kristiansund; SNR – Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Det er tenkt ferdig i 2024.
Her er det også teikna inn kapell, samtalerom, prestekontor. Desse vil få ei sentral plassering. Så dette er ein spennande prosess. Også ved dei andre sjukehusa har prestetenesta gode lokalitetar.

Vidare blir det arbeidd mykje med den nye helseplattformen for Helse-Midt (Sjukehusa i Trøndelag og Møre og Romsdal). Dette handlar om at det skal bli eit smidigare pasientomløp, og at det skal bli eit tett samarbeid mellom primær- og sekundertenesta omkring helse. Kanskje vert det som ein del av reforma at også prestetenesta vert synlegare i dette systemet? Det blir m.a. diskutert om vi skal få journaltilgang.

Sjukehusprestane/-diakon er tilgjengelege heile døgnet. Kontakt sjukehuset.

  • Sjukehusprest Håvard Ervik, Molde                               tlf 71 12 10 47                             havard.ervik@helse-mr.no

  • Sjukehusdiakon Toril E. K. Holm, Kristiansund               tlf 71 12 11 22    toril.elin.krakeli.holm@helse-mr.no

  • Sjukehusprest Odd Erling Vik Nordbrønd, Volda             tlf 70 05 84 20 odd.erling.vik.nordbrond@helse-mr.no

  • Sjukehusprest Odd Arne Skogen, Ålesund                     tlf 70 10 53 23            odd.arne.skogen@helse-mr.no     

 

Kvar søndag legg prestetenesta ut ei andakt på sjukehusa.

Her kan du lese siste andakt frå påskebrevet: "Dagen da døden døde"

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"