Steget ut i arbeidslivet

Den 31. august starter Ida Marie Weltzien (28) sitt arbeid som sokneprest i Ellingsøy kyrkjelyd. Ho var ferdig med sitt profesjonstudie i teologi ved MF våren 2020 og skal bli vigsla til prest 6. september i Ellingsøy kyrkje av biskop Ingeborg Midttømme.

Steget ut i arbeidslivet

Ida Marie hadde sin stiftspraksis i Møre våren 2020, ein praksis som vart noko utanom det vanlege. Ho var så vidt i gang med arbeidet, då alt vart gjort om på grunn av Corona-utbrotet.

- Eg hadde min stiftspraksis i Borgund og Ellingsøy kyrkjer i mars og april 2020. Ei veke etter oppstart gjorde Covid-19 sitt inntog og satte sterkt preg på kyrkjelivet. Dette gjorde at eg fekk ein veldig annleis praksis enn det som var planlagt. Likevel opplevde eg at det var spennande og meiningsfullt å arbeide som prest. Spesielt det å vere kyrkje i ei annleis tid, noko som for meg skapte ein del refleksjonar og ein bevissthet om kva kyrkja skal vere. Eg vart utfordra til å tenke nytt om korleis kyrkja kan møte sin kyrkjelyd og korleis løyse dette på best muleg måte.

Ein av konsekvensane av pandemien var at alle måtte tenkje nytt om si verksemd. Frå det å kome ut i praksis og vere den med minst erfaring, gjorde Covid-19 at staben, ja heile kyrkjelyden, fekk eit felles utgangspunkt. Akkurat dette var ein veldig spennande prosess. Det var ei tid der eg vart godt kjent med staben og eg kjente meg inkludert i fellesskapet der.

 

Det å vere prest i Møre bispedøme

Den positive opplevinga frå min stiftspraksis var utslagsgivande då eg skulle til å søke eit arbeid. Eg hadde ei god oppleving og eit godt møte med kyrkja i Ålesund. Det blir difor kjekt å kome att for å jobbe her. Noko anna som var til hjelp med å søke meg opp til Møre bispedøme er at eg har nokre venar som bur i området. Min mann som er lærar har blitt student att. Sidan studiane er nettbaserte var han open for å flytte der eg fekk ein prestejobb. Vi to liker veldig godt å gå i fjellet og vere ute i friluft, og Møre er jo absolutt staden for slike opplevingar. Møre byr jo på ein veldig flott natur som eg har stor glede av. – Dessutan er Vestlandet litt heime for meg, sidan eg sjølve kjem frå Bergen.

 

Møre bispedøme har tatt imot meg på ein god måte, eg kjenner meg veldig velkomen. Dette gjør at eg tør å flytte opp her utan å heilt vite kva eg går til, det gjer at eg kjenner meg trygg til å ta til med prestegjerninga. – Nå ser eg veldig fram til å bli godt kjent med kyrkjelyden.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"