Ungdomsting 2020: 23.-25.oktober i Ulsteinvik

I mars var det 30 ungdommar påmeldt til Ungdomsting. Dessverre måtte vi avlyse heile arrangementet på grunn av pandemiutbrotet.  Nå prøver vi att, då i ein annan form og på ein annan stad enn det som var planlagt i mars: Ungdomstinget skjer på Alivefestivalen i Ulsteinvik! Og biskopen blir sjølvsagt med!

Deltakarar på Ungdomsting 2019

Nedst på denne sida finn du påmeldingslink til Ungdomsting 2020!

 Endeleg kan vi på ny invitere til Ungdomsting 2020:

Velkomen til Ulsteinvik 23.-25.oktober!

Sidan pandemien har gjort sitt slik at mange kristelege aktivitetar og sommarleirar vart avlyst, kan det vere bra å møtast på ein kristen festival. Ungdomstinget blir difor ein del av den kristne (tverrkyrkjelege) Alivestivalen. Alivefestivalen er kjent for god song og musikk, godt miljø, kjekt program og god fokynning.

Programmet for Ungdomsting kjem når det er klart. Vi vil veksle på å ha eigne samlingar og å delta i programoppsettet for Alivefestivalen.  For deltakarar på Ungdomsting har vi booka hotellrom på Quality Hotell Ulsteinvik.

Biskop Ingeborg Midttømme blir med oss på Ungdomsting 2020 og ho ser fram til å møte ungdomane i Møre. 

Her kan du lese meir om Alivefestivalen Ulsteinvik 2020!

Vi vurderer Covidsituasjonen undervegs og tek naudsynte smitteverntiltak. Vi reknar med at alle deltakarar sjølve tek ansvar og ikkje kjem om dei viser teikn til sjukdom. Vi må også vere open for at endringar med arrangementet kan skje.

Alle som er mellom 15 - 30 år kan delta under ungdomstinget, men berre 2 frå kvar kyrkjelyd eller kristen ungdomsorganisasjon kan vere delegatar med røysterett. 

Påmeldingsfristen er fredag 16.oktober. Fyll inn skjema som ligg nedanfor.

Pris: 1200,- ( inkluderer festivalpass, all mat og overnatting på hotell)

 

Er du delegat er det vanleg at kyrkjelyden/organisasjonen du representerer dekker kostnaden. Du kan også søke dei om reisestønad.

 

Ungdomsrådet håper at mange vil bli med og at mange kyrkjelyder og organisasjoner er godt representert.

Har du spørsmål knytt til arrangementet kan du kontakte rådgjevar for ungdom i Møre bispedøme:

Inger Marie Jakobsen Sylte, e-post: is969@kyrkja.no

 

Her kan du lese om Ungdomsting 2019.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"