Prest – der livet vert levd

Under overskrifta Prest – der livet vert levd, var prestane i Møre og tilsette ved bispedømekontoret samla til Prestekonvent i Kristiansund 4.-6.oktober.

Utanfor gamle Edøy kyrkje: Prestane i Møre og tilsette ved bispedømekontoret, saman med ei gruppe på ni frå vårt venskapsbispedøme i Ungarn. Bilete: Møre bispedøme

Under overskrifta Prest – der livet vert levd, var prestane i Møre og tilsette ved bispedømekontoret samla til Prestekonvent i Kristiansund 4.-6.oktober. Dette er ei samling som etter tradisjonen går av stabelen anna kvart år, der biskopen kallar inn til ei fagleg samling. Det var særleg flott at denne samlinga for første gong var lagt til Kristiansund.

Tema som vart handsama dette året var sakramentsforvaltning, krig på europeisk jord og palliativ omsorg.

Fullsatt: prestane i Møre og tilsette ved bispedømekontoret var samla til Prestekonvent i Kristiansund i oktober. Bilete: Møre bispedøme

Smøla

I tillegg vart det sett fokus på pilegrimsarbeidet og kystpilegrimsleia. Onsdag 5.okt tok heile gruppa turen til Smøla og besøkte kystpilegrimssenteret. Etter ei høgtideleg pilegrimsbøn i Edøy kyrkje fekk gruppa eit møte med skaparen av spelet «Fru Guri av Edøy» Peggy Kruse. Vidare var planen å besøke Kulisteinen og gå ei pilegrimsvandring tilbake til Edøy kyrkje, men her sette varsla hauststorm stopp.

Biskop Midttømme saman med Peggy Kruse, skaparen av spelet «Fru Guri av Edøy». Bilete: Møre bispedøme

Gjestar frå Ungarn

I år hadde bispedømet glede av å vere vertskap for ei gruppe på ni frå vårt venskapsbispedøme i Ungarn. Biskop Tamás kom saman med sju prestar og vald leiar av bispedømet. Den Lutherske kyrkja er ein liten minoritet i Ungarn, men med eit stort diakonalt engasjement. Nordre bispedøme i Ungarn ligg heilt ved grensa til Ukraina, og sidan krigsutbrotet har over 2 millionar menneske flykta denne vegen. Å høyre dei dele av sine erfaringar med dette arbeidet berørte oss alle.

Biskop Tamás og representantar frå det ungarske bispedømet, saman med biskop Ingeborg Midttømme. Bilete: Møre bispedøme
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"