Svenske biskopar på vitjing

I samband med at ESSSAT i år la konferansen sin til Ålesund, tok bispekollegiet i Svenska kyrkan turen frå nabolandet.

13 svenske biskopar saman med biskop Midttømme og tilsette frå Møre bispedøme, utanfor Storfjord Hotell.  Bilete: Møre bispedøme

Universitets- og høgskulemiljøa i Møre og Romsdal er vertskap når det Europeiske forskingsfellesskapet for naturvitskap og teologi (ESSSAT) har sin internasjonale forskingskonferanse i Ålesund 4. til 8. mai.

ESSSAT er eit internasjonalt forskingsfellesskap som setjar både teologi og vitskap på agendaen. Konferansen har blitt arrangert i mange år og deltakarar frå fleire land kjem saman. Byar som Lyon, Warszawa og Assisi har tidlegare vore vertskap, og i år fekk Ålesund den store ære.

Kvar konferanse har eit eige tema. Årets tema er global berekraft, og tittelen er «Global Sustainability- Science and Religion in Dialogue». Om lag 140 av verda sine fremste forskarar på feltet stiller spørsmålet om kva rolle verdiar har i arbeidet med berekraft, og korleis tilhøvet mellom naturvitskap og religion kan bidra til ei global berekraftig utvikling.

 

Økumenisk gudsteneste i Ålesund

Den internasjonale ESSSAT-konferansen blir kvar gong avslutta med økumenisk gudsteneste. I år er det open økumenisk gudsteneste i Ålesund kyrkje laurdag 7. mai kl. 18.30. I samband med at bispekollegiet i Svenska kyrkan deltek på konferansen, tar dei også del av gudstenesta i Ålesund kyrkje. 

Biskop i Møre bispedømme, Ingeborg Midttømme, leiar gudstenesta, saman med erkebiskop Antje Jackelén frå Svenska kyrkja og Michael Fuller frå Church of Scotland. Organist er Oddgeir Nossen. Gudsteneste blir forretta på engelsk.

Kva rolle spelar religionar i ei berekraftig samfunnsutvikling?

Konferansen vil stille spørsmål om kva rolle religionar og livssyn har som leverandør av verdiar for ei berekraftig utvikling. Vi ser at religion er ei viktig kraft i kulturane og formar våre tankar og handlingar, også i møte med naturen. Vi veit at naturen ikkje berre er ein økonomisk ressurs, men også ein stad som vi er uløyseleg knytt til. Korleis kan vi forstå våre djupare haldningar og verdiar i møte med berekraft? Kva er tilhøve mellom naturvitskap og religion i arbeidet for ein global berekraftig utvikling?

Desse spørsmåla er den svenske kyrkja opptatte av, og difor tok dei turen til Møre denne veka.

 

Sterkt engasjerte biskopar

- Vi er stolte over å få denne anerkjente konferansen til Noreg. Med Ålesund og Møre og Romsdal som møtepunkt har vi fått svært stor interesse og over forventning mange påmelde, fortel Knut Willy Sæther frå Høgskulen i Volda.

Knut Willy Sæther. Foto: Høgskulen i Volda

Som vertskap for konferansen har han med seg rektorane Annik Magerholm Fet frå NTNU, Stein Kristoffersen frå Høgskulen i Molde og Johann Roppen frå Høgskulen i Volda.

- Ålesund vert ein spennande by fylt av vitskapsfolk og tenkjarar. Til dømes kjem alle dei svenske biskopane som har eit sterkt engasjement for tematikken til Ålesund, fortel Sæther.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"