Tare syklar for kyrkjeleg kulturarv og framtidstru

Grensesprengande Tare Teksum frå Oppdal er på tandemsykkelferd og skal besøke alle dei 28 stavkyrkjene i Noreg. Fredag opna han turneen ved Rødven stavkyrkje i Rauma. – Eg kan merke englane i gamle kyrkjer, seier den sterkt syns- og hørslehemma aktivisten og kjendisen.

Syns- og hørslehemma Tare Taksem frå Oppdal (Kjent frå m.a. Lars Monsens "Ingen grenser", har no sett seg føre å sykle 170 mil til alle stavkyrkjene i landet. Den månadlange turneen starta ved Rødven stavkyrkje (1300-talet), der Tare ankom saman med sin tandemsykkel-kompanjong Arne Opdahl. (foto: Svein Magne Harnes)

Han vil løfte fram den kyrkjelege kulturarven, og skal på sykkelturen på til saman 170 mil sjå innom 28 stavkyrkjer i sju bispedøme og møte lokale eldsjeler. Det heile skal vere gjennomført innan 5. juni.

Ingen grenser
Tare Teksum er tidlegare kjent frå m.a. TV-serien «Ingen grenser», der menneske med ulike funksjonshemmingar gikk villmarksturar saman med Lars Monsen. Han seier den erfaringa endra livet hans, og i ettertid har han gjennomført ei rekkje ekspedisjonar og prosjekt. Mottoet har heile tida vore: ”Det finst ingen grenser for den som ikkje ser avgrensingane”.

imagef1v3a.png

Bildet: Tare saman med vener og hjelparar ved Rødven stavkyrkje. Frå v. Arne Opdahl; Tare Taksum; ordførar Rauma, Yvonne Wold; prost i Indre Romsdal, Erling Nevland; Hanne Løvrød Granheim.

 

Positiv kraft
Tare kom til Rødven stavkyrkje saman med sin tandemsykkel-følgjeperson, Arne Opdahl, og eit lite støtteapparat med følgjebil. Teksum, som er utdanna historikar, er oppteken av kyrkjeleg kulturarv og av kristendommen som ei positiv kraft i samfunnet og for den einskilde. Han markerer dette ved å løfte fram stavkyrkjene, som gjennom hundrevis av år har vist seg å representere noko viktig, varig og berekraftig. Stavkyrkjene er kulturberarar og samlingspunkt i lokalsamfunna, og har hatt mykje å seie ved utvikling av ritual som framleis blir brukte og har verdi psykososialt og medmenneskeleg.

 

Håp og framtidstru
– Det er mykje negativt som skjer i vår tid, med krig og korona, men med sykkelturen min til stavkyrkjene vil eg vil prøve å presentere at det også finst mykje positivt og byggande, som gir håp og framtidstru, seier Tare. – Det er også viktig for meg å inspirere og oppmuntre andre funksjonshemma - og alle andre - til å utnytte og bruke dei ressursane og evnene vi har.

 

Sansane
Under besøket i Rødven stavkyrkje nytta Tare både tankar og kjensler for å få med seg opplevingane. Syn og hørsel er sterkt svekt, men han kjende på veggar og gjenstandar for å ta inn stemninga. – Eg kan sanse at det er englar her når eg kjem inn i desse kyrkjene, seier Tare.

Tare9.jpg

Bildet: Tare Teksum i Rødven stavkirke.

Tare møtte også unge funksjonshemma frå Rauma og tok seg tid til samtale.  – Vi må alle bryte barrierer og avverge avgrensande tankar om kva moglegheiter funksjonshemma har, understrekar Tare.

Tare6.jpg

Bildet: Tare tok tid til ein samtale med funksjonshemma, m.a. Halvor Morstøl (foto, sitjande) frå Rauma.


Stavkyrkjene viktige

Under stavkyrkjeturneen på sykkel handlar det om meistring av fysiske og mentale utfordringar, trass handikap, men mest handlar det om stavkyrkjene som viktige historiske, kulturelle og religiøse uttrykk opp gjennom hundreåra. Både heidensk, norrøn og kristen tru og kultur kjem til uttrykk i stavkyrkjene, til dømes i utsmykkingar og interiørdetaljar. Tare er også oppteken av dei gamle kyrkjene i eit miljøperspektiv, og vil ha merksemd omkring korleis klimaendringane kan true desse bygningane.

Tare5.jpg

Å kjenne på bygningane er viktig for Tare.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"