Ungdommen utfordra bispedømmerådet

Ungdom i kyrkja i Møre oppmodar bispedømmerådet til å gje ungdom større merksemd og sikre at dei får større medverknad i kyrkja. Dette var bodskapen frå ungdomsrådet då dei orienterte bispedømerådet måndag.

Ungdomsrådet i Møre bispedøme, samla til møte med bispedømderådet 6. mai.

Ungdomsrådet i Møre bispedøme presenterte seg for bispedømmerådet og orienterte om ungdomstinget i mars og fokuset som der vart sett på rekruttering til kyrkjelege stillingar. Dette vart det ein samtale omkring i møtet. 

Ungdomsrådet peika også på utfordringane knytte til å være åleine eller få kristne i lokalmiljøet, og kor viktig det er å kome saman til felles arrangement og tiltak for ungdom i kyrkja. KRIK-leirar, kor-/musikk-samlingar mm. er døme på dette. 

Ungdommane og bispedømerådet samtalte også om etiske utfordringar knytte til m.a. drikkepress og sexpress.

Bispedømerådet ga ungdommane ros for å vere ei konkret, tydeleg og viktig stemme inn i kyrkja, og at kyrkja treng innspel og råd frå ungdommen.

I mars 2020 blir det nytt ungdomsting på Philipshaugen i Øksendal.

MØTTES: Ungdomsrådet i Møre bispedøme møtte bispedømerådet 6. mai til erfaringsutveksling og samtale.

Les alle sakene til bispedømerådsmøtet

Ungdomsrådet i Møre bispedøme

Ungdommar i kyrkja vil bli høyrt

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"