1. Føremål og forankring

Denne planen skal sikre eller medverke til at Den norske kyrkja i Møre, på prosti- eller bispedømenivå, etablerer kriseleiing på kort varsel, og raskt kan sette i verk treffsikre tiltak saman med andre, for å handtere alvorlege hendingar i eigen organisasjon eller i lokalsamfunnet. Prostinivå er lågaste eining i planen og omfattar både lokalkyrkjelyd, fellesråd og prosti.

Planen klargjer ansvarsfordelinga mellom prost, kyrkjeverje og andre tilsette i kyrkjelydane – der prosten har ansvar for å sette og leie krisestab. I prosten sin stad kan sokneprest eller kyrkjeverje sette krisestab.

Formålet med denne planen er å innarbeide gode rutinar for å «sette krisestab» lokalt (prosti) og regionalt (bispedøme). Planen tek ikkje mål av seg til å foreslå strategiar eller tiltak i møte med spesifikke hendingar eller ulykker.

Planen definerer kva fullmakter prostar og biskop har til å kalle ut tilsette i begge arbeidsgjevarlinene for å ta hand om menneske som er ramma av ei alvorleg hending, og for å kunne oppretthalde dagleg drift i kyrkja i Møre.

LRS-prest forvaltar biskopen sine fullmakter til å kalle ut personell frå begge arbeidsgjevarlinene i samband med «alvorlege hendingar» i bispedømet. Fullmakter til prost og biskop er tidlegare inngått mellom biskopen og alle fellesråd i bispedømet, men må fornyast i samband med endeleg godkjenning av denne planen.

Tilbake til innhaldslista for beredskapsplan

                                                                                 Til neste side

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"