Alvorleg hending
Ei hending som på grunn av omfang eller kompleksitet gjer at LRS-prest, kriseleiinga på bispedømenivå, eller kriseleiinga på prostinivå vurderer å kalle ut tilsette og sette i verk særskilte tiltak som følgje av hendinga.
Kriseleiinga «set krisestab»
Uttrykket å «sette krisestab» betyr at ansvarleg leiar kallar saman kriseleiinga ut frå fastsett rutine, for å avgjere korleis hendinga skal handterast, kven andre som bør inn i krisestaben, kva ressursar som er tilgjengeleg osv. Kriseleiinga kan ha møter utan å sette krisestab, men då er det for å gå igjennom rutinar, øve på «case» og liknande.
Både bispedøme, prosti og fellesråd skal ha ei definert kriseleiing. Fellesråd kan i samarbeid med prostiet ha felles kriseleiing, men her må kyrkjeverje og prost i fellesskap avgjere ei tenneleg organisering. For store fellesråd vil det vere naturleg å ha eigen kriseleiing, der prosten eller ein sokneprest i prosten sin stad er fast medlem i kriseleiinga.
«Å sette krisestab» viser til ei aktiv krise, ei alvorleg hending som skal handterast her og no og som krev ekstraordinære tiltak. Å sette krisestab betyr at kriseleiinga set seg i arbeid, og supplerer krisestaben i samsvar med den aktuelle hendinga som skal handterast.
Når krisestab er sett må dei som er med rydde unna andre gjeremål og konsentrere seg om å handtere den alvorlege hendinga. Det er avgjerande for god krisehandtering at ein har gode rutinar for å sette krisestab, både i forhold til kven som kallar saman, korleis innkalling skal skje, og kven som skal kallast inn.
LRS-prest
Ei alvorleg hending i Møre og Romsdal vil ofte medføre at Politimeisteren etablerer Lokal Rednings Sentral (LRS) ved politiet sin operasjonssentral i Ålesund. LRS-presten er biskopen og DnK sin representant i Politimesteren sin stab ved større ulykker, bergingsaksjoner eller katastrofer. LRS-prest vert innkalla til operasjonssentralen i Ålesund, og har biskopen sitt mandat til å kalle ut kyrkjeleg personell til ulike støttefunksjonar i mottakssenter, pårørandesenter og liknande. Dette er same mandat som også prostane har etter samarbeidsavtale med prostane.
Beredskapsordninga i DnK
Vaktordninga sikrar prest i beredskap året rundt, for å ta seg av kyrkjelege tenester som ikkje kan vente. Politiet nyttar beredskapsprest til å formidle dødsbod og dette er den vanlegaste bruken av prest i beredskap i DnK. Andre «uoppsettelige tenester» kan til dømes vere nattverd til døyande eller sjelesorg.
Kommunale kriseteam
Alle kommunar har eit psykososialt team som gir støtte til pårørande og andre som er ramma ved trafikkulykker, sjølvmord, drap og andre akutte hendingar. Mange stader er DnK representert i slike team. Både prost, kyrkjeverje, prestar og diakonar bør ha kontaktinformasjon til leiaren i det kommunale kriseteamet i sine kommunar.
Det er også viktig at det i “fredstid” vert etablert kontakt mellom den kyrkjelige kriseleiinga og det kommunale kriseteamet, slik at dei to einingane kjenner til kvarandre. Det kommunale kriseteamet må kjenne til at det finst ei kyrkjeleg kriseleiing i fellesrådet/prostiet.
Tilbake til hovudsida for beredskapsplan