4. Kriseleiinga sitt ansvar

Kriseleiing i Den norske kyrkja skal sjølv ta ansvar på det nivået som høver til hendinga sitt omfang. Som regel vil det sei på fellesrådsnivå/prostinivå. Ved hendingar som omfattar fleire fellesråd og ulike prosti vil det vere naturleg at kriseleiinga også på bispedømenivå vert involvert.

Kriseleiing på prostinivå/fellesrådsnivå:        Prost/sokneprest, kyrkjeverje og kontorleiar/sekretær evnt. andre ut frå den aktuelle hendinga (diakon, kateket, kyrkjetenar). Ofte vil det vere klokt å ha med ein fast medlem i kriseleiinga som kan ivareta behovet for å hente inn informasjon, skrive referat og slik vere ei støtte for leiar. Derfor er kontorleiar/sekretær ført opp som fast medlem, men her må det gjerast vurderingar lokalt ut frå kompetanse og erfaring.

Kriseleiing på bispedømenivå: Stiftsdirektør, biskop, avdelingsleiar personal, samt ein rådgjevar som sekretær. Kriseleiinga kan supplerast når krisestab vert sett – ut frå aktuell hending, for eksempel med aktuell(e) prost(ar).

Ansvaret til krisestaben ved ei alvorleg hending (uprioritert liste):

  • Etablere og vedlikehalde kontakt med den offentlege kriseleiinga (politi, statsforvaltar, LRS-prest) for å få oversikt over kva som har hendt og avklare behovet for kyrkja sine
  • Legge ein plan for handtering av hendinga, og skaffe seg oversikt over eigne tilsette, og eigne ressursar for å møte det som har hendt.
  • Trygge og støtte eigne tilsette som tek del i feltarbeidet – så dei veit kvar dei skal vende seg for å få avlastning og vegleiing.
  • Kommunisere ut gjennom media om DnK sine tilbod i form av «open kyrkje», samtale og sjelesorg, minnegudstenester og Det ligg mykje omsorg i god og målretta kommunikasjon – overfor eigne tilsette og til dei som kan dra nytte av kyrkja sine tilbod.
  • Kriseleiinga bør ha låg terskel for å «sette krisestab». Ei alvorleg hending kan utvikle seg i mange retningar og det er derfor nødvendig å revurdere planar heile tida.
  • Regelmessig kommunikasjon ut til eigne tilsette undervegs i krisearbeidet gjev tryggleik til dei som arbeider «i felten».

 

Tilbake til startside for beredskapsplan 

                                                                   Til neste side (5. Ansvarsfordeling)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"