Vi søkjer ein prost som har efaring som leiar, og har klare tanker og visjoner for sitt leiarskap på dette nivå. Stillinga krev høg teologisk og kyrkjefagleg kompetanse, og gode leiareigenskaper både kyrkjefagleg og som arbeidsgjevar-representant. Det er forventa gode evner til samarbeid med ulike aktører og nivå i kyrkja, og med offentlege myndigheiter.
Nordre Sunnmøre prosti har 24 sokn, 5 fellesråd og p.t 24,5 prestestillingar. Nynorsk er tenestemål i Møre bispedøme og liturgimål i dei fleste kyrkjene i prostiet, med unnatak av Ålesund og Volsdalen der ein nyttar bokmålsliturgi.
Det er 35 kyrkjer i prostiet og ein når alle kyrkjene med køyretid 1,5 time inkl. ferge. Prosten vil ha kontorstad ved kontoret til Ålesund kyrkjelege fellesråd. Det er p.t knytt 70 % sekretærstilling til prostestillinga.
Prosten er forplikta til å følge dei mål og strategiar som gjeld for bispedømet, og utføre dei oppgåvene som ligg til prostestillinga. Stillinga som prost er p.t 100% og det er ikkje knytt fast kyrkjelydsteneste til stillinga. Prosten gjer presteteneste som biskopen fastset.