- I Nidaros bispedøme har dei etablert ei ressursgruppe for frivilligheit. Alle i denne gruppa har eit engasjement for frivilligheit. Dei representerer ulike yrkesgrupper i kyrkja og ønskjer å legge til rette for frivilligheitsarbeid i kyrkjelydane i Nidaros.
Den norske kyrkja er den største medlemsorganisasjonen i landet med 3,7 millionar medlemmar.
- Det er faktisk registrert 10 gonger fleire frivillige arbeidarar enn tilsette i Den norske kyrkja, fortsetter Aasen.
Frivilligheitsåret 2022
Året er ei nasjonal markering og satsing på frivilligheit. Det er paraplyorganisasjonen «Frivillighet Norge», som har fått ansvaret for å koordinere den nasjonale satsinga.
- Og dei har satt fleire mål for dette året. Dei ønskjer mellom anna at året skal sørge for fleire nye frivillige, fleire arenaer å vere frivillig på og skape større kjennskap til meirverdien frivillig sektor skapar i det norske samfunnet.
Alle lag, foreiningar, frivilligsentralar, kommunar og andre samarbeidspartnarar inviterast med for å synleggjere og aktualisere frivilligheita, auke kunnskap om korleis ein skal drive godt frivillig arbeid og rekruttere fleire, og ta godt hand om dei som allereie er frivillige medarbeidarar.
Frivilligheit i Den norske kyrkja
I Trøndelag er det registrert godt over 8000 frivillige i Den norske kyrkja i normalåret 2019.
- Talet på frivillige har gått noko nedover i dei to åra med pandemi, men håpet er at både nye og gamle frivillige medarbeidarar ønskjer å vere frivillige i tida som kjem, held Aasen fram.
Ho peikar på at Dnk og Nidaros bispedøme er avhengig av frivillige medarbeidarar.
- Utan frivillige – inga kyrkje. Mykje av arbeidet i kyrkjelydane i Nidaros er avhengig av frivillige medarbeidarar. Vi hadde ikkje vore kyrkje på den måten vi er i dag, om det ikkje hadde vore for fantastisk frivillig innsats. Mange tilsette ønskjer større involvering av frivillige og eit breiare eigarskap, men er kanskje redde for å virke påtrengande. Om ein ønskjer å gjere ein frivillig innsats, er det berre å seie ifrå til nokon som arbeider i kyrkjelyden. Dei vil bli godt mottekne!
Og viser til verdien det har for kvar enkelt å vere frivillig.
- Å vere frivillig er også ein viktig verdi i seg sjølv, og som kyrkje skal vi skape fellesskap der alle opplever seg ønska og bekrefta. Ved å gje frivillige medarbeidarar høve til å medverke, ikkje berre utifrå oppgåver, men også utifrå engasjement, kompetanse og ønskjer, leggast det til rette for viktig påfyll og motivasjon.
Ressursgruppe: Fra v. seniorrådgiver Aud Kristin Saltvik Aasen, sokneprest Bergljot Svanholm, diakon Sissel Håve Smørvik, kirkeverge Børge Lund, menighetspedagog Stine Kjenes, kantor Anders Vassli Brekke, daglig leder Ingrid Heggset.
Ressursgruppe
I Nidaros bispedøme er det oppretta ei ressursgruppe for frivilligheit, som arbeidar for å auke engasjementet i bispedømet.
- Ressursgruppa representer ulike yrkesgrupper i kyrkja. Dei har alle eit engasjement for frivilligheit og ønskjer å legge til rette for eit godt frivilligheitsarbeid i kyrkjelydane i Nidaros. Det er ønskeleg å samle ressursar, verktøy og erfaringar som kan kome fleire til gode, stimulere til samtale om frivilligheit i stab og sokneråd, og inspirere til å løfte frivilligheita i bispedømmet.
Aasen fortel at dei har samla idéar til korleis ein kan markere Frivilligheitsåret 2022- kyrkjelydane.
- Ressursgruppa har samla idéar til korleis markere frivilligheits året og idéar til «vår frivilligheits dag 12. juni».
Idéer til markering av frivilligheten og skaperverket - 12. juni 2022
Den norske kirke har valgt 12. juni 2022 - Skaperverkets dag, som vår frivillighetsdag.
- Friluftsgudstjeneste.
- Speidergudstjeneste.
- Bønner og salmer som egner seg (Skaperverkets dag + frivillig tjeneste).
- Preken som bekrefter både Skaperverkets dag + frivillig tjeneste.
- Frivillige som medvirker i gudstjenesten: kor, musikere, speidere, barnegrupper, konfirmanter, eldre, spelemannslag.
- Frivillige kan få en særlig invitasjon til denne dagen.
- Samarbeid med lag og organisasjoner, bidrag i eller i etterkant av gudstjenesten.
- De ulike stedene for frivillig tjeneste har «stand» etter gudstjenesten. Eksempel: frivillig i gudstjenesten, frivillig i barne- og ungdomsarbeidet.
- Samarbeid med lokal frivillighetssentral.
- Benytte dagen til å skape relasjon med andre lokale aktører.
- Misjonsløp – frivillig innsats og innsamling il menighetens misjonsprosjekt.
- Informere om mulighet til å være frivillig medarbeider.
- Informere om hva som skjer i Frivillighetens år 2022.
- Kirkekaffe, piknik eller kurvfest der alle tar med til felles bord.
- Kirketakkekaffe – der frivillige takkes.