«Det finnes en dyrebar rose»

Her kan du lese juleandakta preses Olav Fykse Tveit har skrive til menighetsblada jula 2023.

«Det finnes en dyrebar rose»

Det finnes en dyrebar rose 

som aldri skal visne hen,

den trosser all frost på jorden

og blomstrer og blomstrer igjen.

(Svein Ellingsen, Norsk salmebok 2013, 103)

Alle (som ikkje har allergi) tar gjerne imot ein blomst til jul. Jul er ei tid for blomster. Vakre, livskraftige og fargerike blomster er det fint å gi bort i desember. Det er ei tid då vi har lite eller ingen ting av den slags ute i hagen eller på terrassen.  Sjølv ikkje i snøfattige vintrar er dei å finne i skog og mark.

Når dagane er korte og mørke, då treng vi teikn på liv og glede. Det er gode teikn på familierelasjonar, som uttrykk for venskap, gode kollegaforhold eller på godt naboskap. Så det hender at vi kjøper blomster og gir bort til jul. Gjerne roser, dersom det skal vere litt ekstra.

«Det finnes en dyrebar rose». Slik startar ein svært vakker salme som no er kome inn i salmeboka. Den er ikkje ein julesalme, i vanleg forstand. Likevel kan vi svært gjerne synge den før jul, i jula, og etter jul. Betlehem blir nemnt. Men det er rosa som er temaet i heile salmen. Som i andre julesalmar er det brukt som eit bilete på det juleevangeliet handlar om.      

I vår del av verda må vi stort sett kjøpe blomster dersom vi skal ha dei på denne tida. Det hadde nok på lang sikt blitt dårleg butikk for gartneri og blomsterbutikkar dersom det var slik som i salmen: Ei rose som aldri visna, men blomstrar og blomstrar igjen. Då hadde vi ikkje trengt å kjøpe nye roser.

Det finst ei dyrebar rose. Ho blomstra der det var krise, heiter det i salmen. Rosa blomstra i Betlehem, men også på Golgata.

Men ikkje nok med det. Ho blomstrar også i vår tid, i vår verden, i våre liv:

Den blomstrer fremdeles i verden

og dufter av sommer, til trøst

for alle som bøyes av smerte

i jordlivets nakne høst.

Denne jula må vi feire i skyggen av «jordlivets nakne høst». Budskapa frå det området der Jesus vart født, har handla mykje om skade og død, om hat og krig, om uendelege og ufattbare lidingar hjå våre medmenneske i Gaza, på Vestbreidda og i Israel. Vi kan undrast på om det grusomme, det kalde og det mørke, skal ta overhand.

Det finst ikkje eit lettvint svar på denne sida av det verkelege livet. Men jula minner oss om at det er noko meir enn det vonde som er verkeleg.

Det var i mørket at Jesus vart fødd.

Det siste verset i salmen peikar på noko som ikkje blir borte i den kulde og det mørke vi menneske kan skape. Ja, det er nettopp då det dyrebare blir endå meir dyrebart:

Å, brennende rose som blomstrer

i kulde og smerte og savn!

Å, hellige tegn på jorden!
Guds kjærlighet er dens navn.»

Guds kjærleik er verdt å sette ord på, å synge om, ja, å feire i jula. Den er der, også i år. På tross av det vi høyrer og ser. Vi kan motvirke det mørke som rammar våre medmenneske, slik at dei kan sjå teikn på denne kjærleiken.

Velsigna advent og juletid!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"