Kjærleiken tek aldri slutt

Søndag var det sørgegudsteneste i Oslo domkyrkje etter hendingane i Oslo sentrum natt til laurdag. Her kan du lese preika til preses i Bispemøtet og biskop i Nidaros domprosti, Olav Fykse Tveit.

Kjærleiken tek aldri slutt

Kjærleiken tek aldri slutt.


Kjærleiken gir seg ikkje.


For størst er kjærleiken.


Mange hadde sett fram til at denne helga skulle vere ei ny, stor og svært fargerik feiring av kjærleiken, den kjærleiken vi menneske har evne, vilje og lyst til å vise kvarandre.


Eitt menneskes vonde, brutale handlingar gjer at vi er her i ei sørgegudsteneste i dag.
Midt i Oslo, midt i gleda over livet og kjærleiken, i ei midtsommarnatt som til vanleg knapt vert heilt mørk her i nord, då er det at regnbogen vert svart, som kulturminister Annette Trettebergstuen så sterkt har uttrykt det.


Men kuler kan ikkje ta livet av kjærleiken. Kuler kan gjere alvorleg skade og dei kan ta livet av menneske. Dei kan skape angst som set sår i kropp og sinn. Det har vi med sjokk og vantru sett før, og vi har no sett det på nytt. Når det er ei terrorhandling som gjer at vi er her, rippar det for mange
opp i vonde sår.


Men kjærleiken tek aldri slutt. No er det vår oppgåve å vise at det er sant, heilt sant. Vi kan og vi skal vere oss sjølve, slik vi er, og elske som dei vi er. Vi kan og vi skal skape liv og glede, og dyrke fram tillit og tryggleik. Vi kan og vi skal vise teikn på kjærleik som blir tatt imot og gjengjeldt med nye kjærteikn.


For kjærleiken er mellom oss, som noko gjensidig, som vi kjenner på igjen og igjen, saman. Difor kjenner vi det også så sterkt når vi mistar nokon vi er glad i. Og vi kjenner det så sterkt når vi mistar noko av den kjærleikens fryd som vi så gjerne ville skulle samle oss.

No er vi samla i sorg. Sorga kan ha og skal få ha mange ulike uttrykk i sinne, i redsel, med skjelvande lepper og tårevåte auge.
Men sorg, uttrykt i tårer eller i trass, er også uttrykk for kjærleik. Stundom, som i dag, er det eit sterkt uttrykk for kjærleik.

Preses2.jpg


For kjærleiken tek ikkje slutt. Det er ei sanning som må få ei ny kraft med det som har skjedd. Vi må vise at det er slik det er og slik det skal vere. For vi ser endå tydelegare at det må til. Vi burde ha sett det allereie. No må vi sjå det. Motkreftene som vil at det ikkje skal vere slik, er sterke og eg innrømmer at dei kan skremme oss. Kjærleiken har ikkje alltid fått det rom den skulle ha.


Kyrkja har ikkje alltid vore så tydeleg som vi skulle på det. Vi ser, også med sorg og skam, kva slags sår og skade kyrkjas haldningar og ord har skapt hjå skeive. Vi markerer i år at det er 50 år sidan paragrafen som forbaud sex mellom menn vart oppheva. Og vi veit at våre forgjengarar i bispekollegiet på femtitalet motarbeidde at paragrafen skulle bli oppheva.


Vi ser også at vi kan lære, stundom motvillig, at mangfaldet mellom oss er ein rikdom. Mange skeive menneske har ein vilje og evne til å uttrykkje kjærleik som endå til kan framstå sterkare enn mange streite gjer det.
Det er framleis sterke krefter, med ulik motivasjon, som kan drive fram hat og vald mot skeive medmenneske. Vi ser også at nokon påstår at det kan skje i religionars namn. Det som har skjedd dei siste dagane, er eitt menneskes ansvar, ikkje noko andre muslimar skal stå til ansvar for.


Vi ser med forskrekking at også ein kyrkjeleiar i Russland kan bruke kampen mot Pride og skeiv kjærleik til ein slags motivasjon for å støtte ein krig mot nabostaten og sine eigne folk i Ukraina. Som om ikkje fortida med nazismens ideologi skulle lært oss nok om kor farleg, ja, livsfarleg det kan vere å stigmatisere og gjere visse grupper til syndebukkar. Det er eit særleg ansvar for alle som måtte framstå i Guds namn at det er utvetydig og klårt at det er kjærleiken og respekten for alle vi formidlar i ord og handling.


Det som har skjedd natt til laurdag må få oss alle til å sjå kor farleg det kan bli om hatet vert det største. Det kan verte livsfarleg for skeive som vert spesielt utsatt for dei. Men difor vert dei kreftene også farlege for vårt fellesskap og vår nasjon – og faktisk for rettferd og fred i verda.


Difor må kjærleiken vise seg i trass og i motstand. Og vår tru og vårt håp om at det vonde kan snu må alltid vere drive fram nettopp av kjærleiken.
Kjærleiken er ei gåve Gud har gitt oss. «Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.» Kjærleiken er ikkje ein slapp aksept av alt er som det er, dermed også av urett og vald, med stigmatisering, diskriminering og ekskludering. Det er kjærleiken som står imot – og som kan gi oss
kraft til å vere eit mangfaldig fellesskap, eit fellesskap som kan favne oss alle og difor vere best for alle.

Vår Skapar har gitt oss denne evne og vilje til å elske den vi elskar. Vår frigjerar Kristus set oss fri til å legge det vonde og gale bak oss og bruke vår fridom til å vise vår kjærleik til andre. Guds Ande møter oss både som medvind og motvind og gjer oss trassige og tydelege på at kjærleiken tek aldri slutt.


Slik at vi kan vere akkurat dei menneske vi er. Saman.
Med alle regnbogens fargar.

Difor gir vi - sjølv på ein dag som denne - vår takk og ære til Gud, Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vår Skapar, Frigjerar og Livgjevar.

Amen.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"