8 av 10 ønskjer å døype barnet sitt 

Ei ny medlemsundersøking i Den norske kyrkja viser stabil oppslutning om kyrkjelege seremoniar i Nidaros bispedøme. – Det er gledeleg å sjå desse tala, seier stiftsdirektør i Nidaros bispedøme, Steinar Skomedal. 

8 av 10 ønskjer å døype barnet sitt 

78 prosent av medlemmane ville døypt barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no. 

Det viser ferske tal frå Den norske kyrkja si medlemsundersøking. Dette er ein oppgang frå 2021 då talet var 77 prosent.

–  Det at fleire ønskjer dåp enn året før er svært gledelig, held han fram. 

Stiftsdirektør Steinar Skomedal.

Kyrkja er der ved viktige livshendingar

Medlemsundersøkinga vert gjennomført annankvart år og spør om medlemmene ville valt dåp, konfirmasjon, bryllaup og kyrkjeleg gravferd.

I Nidaros bispedøme ville 70 prosent valt kyrkjeleg konfirmasjon om dei skulle ha vorte konfirmert no, og 62 prosent ville valt kyrkjebryllup.

Det er stabil utvikling på kor mange som ville vald kyrkjeleg gravferd. Heile 78 prosent av medlemmane i Nidaros bispedømme ville ha gjort det. Det er ingen skilnader mellom menn og kvinner. 

51 prosent svarar at dei opplever at kyrkja er der ved viktige livshendingar.

 -Dette stadfestar posisjon kyrkja har hos folk. Denne tilliten skal vi vere audmjuke og ta vare på. Det viser også at vi har mange trofaste medarbeidarar, ansatte og frivillige, som legg ned ein flott innsats i kyrkjene dei jobbar i.

Mange innom kyrkja

81 prosent har besøkt kyrkja minst ein gong det siste året. Det gjeld alle former for besøk, som gudsteneste, kulturarrangement, korøvingar, besøk på kyrkjegard og andre aktivitetar.

Det er ein nedgang frå 2021, men 54 prosent har vore innom kyrkja minst fem gongar. 

- Folkekyrkja står sterkt i Trøndelag. Det kan vere at folk søker tryggleik og tradisjon i urolege tider. Den stabile opplsutninga tyder på at kyrkja er viktig for alle lokalsamfunn, sjølv for dei som ikkje går der veldig ofte. Tala kan tyde på at den gruppa som aldri går i kyrkja blir mindre. 

66 prosent svarar at dei opplever ei ro når dei er i kyrkja og 74 prosent er oppteken av at kommunen må vedlikehalde kyrkjebygget.

 

 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"