Olavsfest 2022 opna

Olavsfest 2022 blei opna med talar og konsertar i Borggården no i ettermiddag. Preses Olav Fykse Tveit heldt opningshelsing. Her kan du lese helsinga.

Olavsfest 2022 opna

Kjære alle saman!

Velkomne til Nidaros, til Nidarosdomen og til erkebispegardens store rom!

Igjen er vi samla til Olavsfest. Til HÅP.

Igjen har arrangørane med Petter Myhr i spissen gitt oss eit tema som vi ikkje kjem oss utanom. Det er vanskeleg å finne eit tema som meir enn dette angår oss alle. Og no.

Og igjen er det eit tema som fører oss rett inn i olsok-vekas opphav og utfordringar: Kva er kyrkjas bidrag til det vi gjerne vil forme som eit godt samfunn for alle, her til lands, og som ein del av den verda vi lever i?

I Olavsfestens ramme får både kyrkja og alle deltakarar utfordringa til å sjå kva som står på spel. Aller tydelegast vil vi kanskje merke det i utfordringa og bodskapen i den store jordkloden midt i Nidarosdommen kjem ingen av oss utanom.

HÅP kan eigenleg aldri stå åleine som eit ord eller som eit ønske.

I kyrkjas bodskap må håp stå saman med to andre ord, slik at det alltid er tale om TRU, HÅP og KJÆRLEIK.  Og det er nettopp samanhengen mellom dei tre som gjer at det kan verte eit berekraftig håp.

Kvifor det?

Håp må vere eit uttrykk for kjærleik. Eit håp må ville andre vel. Våre kjære, vår neste, vår sårbare neste, vår jord, vår eine jord. Utan kjærleik kan håp bli uttrykk berre for min optimisme, for mine og våre eigne forhåpningar og interesser. Er det avgrensa ressursar og avgrensa vilje til å dele, kan håp utan kjærleik verte ganske håplaust for andre. Enten det er i krig, i møte med økonomiske kriser, pandemiekriser eller miljøkriser, eller summen av slike kriser, treng vi alle håp. Elles vert det ikkje håp for nokon. Håp utan kjærleik kan også gjere at vi sjølve vert ståande utan håp.

Håp er uttrykk for det vi ser fram i mot, utan å sjå det. Det er difor eit uttrykk for tru, for det vi har tillit til. Og vi kan vel seie at i dei aller fleste tilfelle at håp handlar om kven vi har tru på, kven vi har tillit til. For håp handlar om at noko skal skje som går ut over det som er manifestert no, og som oftast går ut over det som berre eg kan påverke.

Trua på Gud er ei tru på det som var, på det som har skjedd i skapinga, i historia, men det er også ei tru på det som kjem, på den Gud som kjem til oss nettopp i framtida. Difor er ikkje tru berre å ta stilling til kva ein meiner om eitt eller anna tema. Tru er å vise kva for verdiar, kva haldningar og kva hendingar vi vil skal råde i framtida, kven vi set vår lit til.

Vi må meir enn snakke om håp. Vi må håpe i ord og gjerning.

For det er mykje som står på spel for vår og våre barns og barnebarns framtid.

Måtte Olavsfesten gi oss meir mot til å leve i håpet!

God Olavsfest!

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"