Sanning og forsoning: - Den norske kyrkja skal vere ein pådrivar for endring

Vi skal gi eit svar eller ein reaksjon på det sviket kyrkja sjølv stod for i gjennomføringa av fornorskingspolitikken. Denne prosessen har no byrja med dette besøket, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit. Denne veka har han besøkt det samiske samfunnet i Hamarøy kommune for å lytte og lære.

Preses Olav Fykse Tveit velsignar kyrkjegamma på Drag under besøket i Hamarøy kommune. Foto: Thomas Berbom

 

-       Heile kyrkja må svare saman på rapporten til Sannings-og forsoningskommisjonen, og denne turen forpliktar oss til å følgje opp. Det var viktig at vi kom til Tysfjord og at vi kom dit saman med representantar for Sør-Hålogaland bispedøme og Samisk kyrkjeråd.

Bakteppet for turen er rapporten til Sannings-og forsoningskommisjonen som kom 1.juni.  Preses viser vidare til at han oppfattar at det er ei forventning til at kyrkja skal vere ein endringsagent i det norske storsamfunnet.

-       Det er ei tydeleg forventning her oppe til at Den norske kyrkja skal vere ein agent for forandring i storsamfunnet, at me skal bidra til at andre tek ansvar. Det er mykje kjensler og mykje vondt som kjem fram i samband med denne rapporten. Vi skuldar dei som er råka å jobbe godt med innhaldet i rapporten, held han fram.

Vegen vidare

Det blir også viktig framover for Den norske kyrkja å finne ut kva rolle kyrkja skal fylle i samfunnet no.

-        Det blir viktig å legge ein plan og ein strategi for korleis me skal fylle rolla vår i arbeidet med rapporten. Det blir ei oppgåve for oss å få storsamfunnet til å ta dette alvorleg.

Han meiner at Stortinget må kome fram til ein plan, som tek dei som har lagt fram sine historier i rapporten på alvor.

-        Det handlar om kva som har vorte sagt, men også om nye initiativ. Heile samfunnet med regjering, skuleverket og andre samfunnsaktørar må ta ansvar.

Men rolla til kyrkja hadde i gjennomføringa av fornorskingspolitikken skal også drøftast.

-        Vi må diskutere korleis vi skal gi eit svar eller ein reaksjon på det sviket kyrkja sjølv stod for. Denne prosessen har no byrja med dette besøket. Dette er ikkje noko me skal gjere kjapt, men jobbe seriøst med.

Under besøket kom det fram at det må jobbast meir for at fleire i den samiske befolkninga i lulesamisk område skal kjenne seg trygge i kyrkja i lokalsamfunnet. Preses meiner det er viktig å jobbe saman i denne prosessen.

-        Det er viktig at dei uttrykker si forventning og er med på prosessen for korleis me saman skal gå vidare. Denne turen viser kor viktig det er at vi jobbar saman om dette.

Kunnskap

Erfaringane han har gjort seg i løpet av denne turen tek han med seg inn i Bispemøtet, Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet.

-        Dette er kunnskap som må inn i vurderingane av kva som skal skje vidare. Dette besøket gav verdifulle perspektiv på dette. Vi må også drøfte dette med bispedøma som er involvert.

Gripande

Generalsekretær i Samisk Kirkeråd, Kristina Labba, var også med på turen til Hamarøy.

-        At fornorsking har skjedd og fortsatt skjer, er noko samar har sagt i lang tid, men no er det tydeleg dokumentert gjennom rapporten også. Vi har kjent til utfordringar i dette området, men gjennom denne viktige reisa har vi fått betre innsikt og kjent det på kroppen. Vi har fått høyre brutale og gripande forteljingar om urett og undertrykking. 

Labba meiner også det er viktig å jobbe saman i den vidare prosessen.

-        Eg tenkjer at alle nivå i Den norske kyrkja må jobbe saman om vegen vidare, i nært samarbeid med lokalbefolkinga i ulike geografiske områder, slik som her i Divtasvuodna//Hábmer Tysfjord/Hamaröy menighet. Det er viktig med god kontakt og samarbeid med lokale kyrkjelydar og ta deira behov på alvor. 

Ho er også takksam for initiativet og velkomsten i Hamarøy.

-        Vi vart tatt veldig godt i mot i Hamarøy, sjølv om me representerer ein del av den makta som bidrog till undertrykkinga. Eg er takksam for at det vart teke initiativ til denne turen. Det er veldig viktig for arbeidet vidare i Den norske kyrkja, avsluttar ho.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"