I juli 2022 følgde fotograf i kommunikasjonsbyrået Berre, Amanda Gerhardsen Vollen, pilegrimspresten i Nidaros bispedømme, Einar Vegge, ute på pilegrimsvegane til Nidaros og under Olavsfest.
- Det religiøse pilegrimsuniverset er mykje omtalt, men det er sjeldan folk får anledning til å gå inn i den eksistensielle opplevinga. Her blir folk tatt med inn i det, som ein del av bybilete, og i nær kontakt med Nidaros pilegrimsgård. Arven frå det kristne pilegrimsuniverset gir nerve til pilegrimsrørsla som heilskap. Her får folk moglegheit til å sjå korleis denne tradisjonen kan førast inn i vår samtid, seier pilegrimsprest Einar Vegge.
Poesi
Fotoutstillinga har tittelen «Verden rommer mye mer» og tittelen er teken frå eit av dikta til pilegrimsprest Einar, som du møter i utstillinga. Utstillinga er produsert av Berre AS på oppdrag frå Nidaros bispedømmeråd, i samarbeid med Olavsfest. Utstillinga skal stå like ved Nidaros Pilegrimsgård.
- Eg tykkjer det er viktig at pilegrimsopplevingar blir synleggjort under Olavsfest, som ein del av festivalens DNA. Plasseringa til utstillinga mellom bispegata og pilegrimsgården vil gi kontakt med bybilete, samstundes som staden gir rom for refleksjon.
Dikta i utstillinga er tekne frå boka «Inntoning- pilegrim i poesi og teologi». Boka omhandlar pilegrimsverksemda i Nidaros, og blir lansert under Olavsfest 30.juli kl. 17.00 ved Nidaros pilegrimsgård.
Pilegrimsmøte
I utstillinga følgjer vi pilegrimsprest Einar på Gudbrandsdalsleden seint i juli 2022 og under Olavsfeiringa same år.
- Det var veldig interessant å ha Amanda Gerhardsen Vollen med meg langs pilegrimsledene i møte med pilegrimane. Ho har klart å fange augeblikk som uttrykkjer møter mellom pilegrimar. Og eg tykkjer samklangen mellom natur og menneske som ho har fått fram i bileta, er eineståande.
Pilegrimsvandring og håp
Forteljarstemma til fotograf Amanda Gerhardsen Vollen møter du gjennom heile utstillinga.
- Det har vore utruleg spanande. Det å vere vitne til kva Einar gjer med menneska han møter, har vore veldig spesielt. Eg trur ikkje han skjønar det sjølv, men energien var annleis då vi gjekk frå pilegrimane enn då vi møtte dei, fortel Gerhardsen.
Ho trur pilegrimsvandring i vår tid er ekstra viktig og riktig.
-Pilegrimsvandring gir påfyll, men det gir også håp, i ei tid kor håp somme stunder kan kjennast langt unna. Det er viktig at pilegrimspresten møter pilegrimane ute på ledene til Nidaros. Det å møte folk ansikt til ansikt, vere nysgjerrig og vise interesse er viktig for folk. Det å sjå forskjellen eit slikt møte kan gjere, gir meg håp. Eg blir rørt og stolt over at Den norske kyrkja gjer dette for mange menneske.
Ho håpar utstillinga gir folk flest eit innblikk i ei verd dei kanskje ikkje kjenner så godt.
- Det er viktigare enn nokon gong å oppsøke det utilgjengelege. Eg håpar det kan røre nokon, at dette håpet skin gjennom heile utstillinga.