Verdiseglasen 2024: Opplev utstillinga «Forme framtid»- råd frå ungdommar til våre samfunnsleiarar

Verdiseglas 2024 har segla langs kystpilegrimsleia frå Egersund til Nidaros. Undervegs har kyst-ungdommar blitt invitert til verdisamtalar og dei har kome med råd til våre samfunnsleiarar. No blir desse råda presentert i utstillinga «Forme framtid» under Olavsfest.

Verdiseglasen 2024. No kan du lese verdibreva og sjå bilete frå seglasen langs kystpilegrimsleia.

Samtalane er inspirert av dei fire guddommelege søstrene, som personifiserer verdiane miskunn, sanning, rettferd og fred. Verdiane var ein viktig del av Landslova av 1274.

Bakgrunn

Verdiseglas 2024 er ei pilegrimsferd i fleire etappar frå Sokndal/Egersund til Nidaros. Med bakgrunn i rettsjubilea i 2024 er unge på nøkkelstadane langs leia inviterte inn i verdisamtalar inspirert av Guds fire døtrer og omgrep som makt, likeverd og demokrati. 

Under samtalane har ein skrive verdibrev med tilrådingar for framtida, som har vorte lagt i Kystpilegrimskista, som har følgt heile seglasen. I Trondheim skal verdikista overleverast til preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit og stortingspresidenten ved Gunnar Bovim.  Dagen etter skal verdikista med breva frå ungdommane berast frå festivalfrokosten på Lian og ned til den offisielle opninga av Olavsfest søndag 28.juli.

Les meir: Verdiseglas 2024- Kyrkjekultur Vest

Opning av utstilling

Etter opninga av Olavsfest på Vestfrontplassen opnar biskop i Nidaros Herborg Finnset  utstillinga av verdibreva og fotografia frå verdiseglasen i området ved sidan av Nidaros Pilegrimsgård . Ho opnar utstillinga saman med nokre av ungdommane som har segla med verdiseglasen. Opningstidspunktet er kl. 14.30.

Initiativ og samarbeid

Verdiseglasen er ein del av Nasjonaljubileet Noreg i 1000 år og er eit samarbeid mellom dei regionale kystpilegrimssentra, Den norske kyrkja og den historiske båtparken langs leia. Koordinator er Kyrkjekultur Vest AS.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"