Rapport frå eit annleis år

I 2020 måtte me setta fellesskap på pause. Alle verksemdsområde måtte tenka nytt. Men kreativiteten og innsatsviljen kyrkjelydane har vist at kyrkja er ei kompetanseverksemd med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Forsida til årsrapporten viser ei gudsteneste som blir sendt frå Nærbø kyrkje. Foto: Torgeir Hauge/NK Media

I 2020 blei det lange periodar utan gudstenester og nattverdfeiring. Viljen til omsorg måtte finna nye vegar. Fleire viktige kyrkje-område har hatt store utfordringar når det ikkje har vore mogleg å samlast på vanleg måte. Samstundes har tilsette og frivillige vist stor kreativitet og innsatsvilje for å vere kyrkje på nye måtar i eit annleis år.

Diakonale fellesskap for vaksne har vore sett på pause. Slett ikkje alt kunne erstattas av digitale løysingar, talet på frivillige har minka.
Spesielt menneske med utviklingshemming har hatt det mykje vanskeleg i denne tida, og kyrkja sitt arbeid har blitt sterkt sakna. Men kyrkjelydane har jobba godt og systematisk med nære diakonale løysningar som "walk and talk", ringerunder til eldre og einsame og innsamlingar til trengande.

Også tal på kulturarrangement har gått tydeleg ned, men konsertar på nett det mest sette kyrkjetilbodet etter gudstenester, viser medlemsundersøkinga.

Barn og unge har i fleire periodar ikkje kunne bli samla slik ein plar. Halvparten av timetilbodet i trusopplæringa måtte utgå. Mange kyrkjelydar har laga flotte digitale alternativ og flytta mykje av trusopplæringa til ulike plattformar. Ungdomstilbod på nett er noko av det som har vore vellukka i denne sjangeren. Likevel er det er ikkje det same å sjå ein video eller møtast digitalt som å vera på same stad. 

Gudstenestedeltakinga i 2020 ligg på under halvparten av det vanlege. Samtidig har det vore
ein eksplosiv vekst i tilbod og deltaking på digitale gudstenester. Det blei strøyma 276 gudstenester frå Stavanger bispedømme i 2020. Til saman 143 000 såg meir enn 85 % av gudstenestene. Rambøll har kartlagt korleis kyrkjelydane jobba digitalt. Tala viser mellom anna at Stavanger hadde flest deltakarar i landet på digitale gudstenester våren 2020. Til saman har dei digitale gudstenestene hatt rundt 733 000 visningar på over 3 sekund.

Det er også klart færre døypte i 2020 enn me trur det ville vore i eit normalt år. Frå 2018 til 2019 steig dåpstala i Stavanger bispedømme. Det har vært fleire gravferder i 2020 enn året før, men noko av det såraste har kanskje vore at det har vore grenser for kor mange som kan samlast i gravferd.

I eit uvanleg år har også noko vore stabilt
Nå er det 322 527 kyrkjemedlemmar i Stavanger bispedømme, 67 prosent av dei som bur i fylket. På bispedømmenivå er utviklinga stabil, med ein nedgang i medlemstalet på 0,4 % dei siste tre åra. Talet på innmelde og utmelde ligg på det nivået som er vanleg dei åra det ikkje er kyrkjeval.
Oppslutninga om konfirmasjon er også stabil i prosent, sjølv om det har vore færre konfirmantar i årskullet. Talet på vigslar har ikkje gått like mykje ned som dei fleste andre stader i landet, sjølv om det har vore rundt 20 prosent færre av dei. Av naturlege grunnar er mange av desse utsette til etter pandemien.

Me veit framleis ikkje kor me landar etter pandemien. Det er også opp til kva me sjølv gjer.
Me trur likevel at denne tida har vist eit kreativt potensial i kyrkjelydane, ei styrke til å stå i utfordringar i organisasjonen vår og eit stort behov for det kyrkja kan gje, både til vanleg og i krise. Ved starten på 2021 er me framleis i prosess for å takla pandemien, men også i gang med førebuingar for tida som kjem, heiter det i årsmeldinga.

Les heile årsrapporten for Stavanger biskop og bispedømmeråd her.  

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"