Turgruppa skal gå fire dagar til fots i Galilea, på «Jesus trail». Turen går frå Nasaret til Gennesaretsjøen. Det blir også eit opphald i Jerusalem med vandring på Oljeberget og i Gamlebyen.
- Dette er ein flott tur for alle som liker friluftsliv og som er opptatt av bibelhistoria. Undervegs blir det mange møte med jødisk og arabisk kultur og historie, men først og fremst er dette ein tur prega av å gå i Jesu fotspor på viktige bibelhistoriske stadar. Jesus tok ikkje bussen mellom Nasaret og Gennesaretsjøen. Korfor skulle me gjera det? Det gir ei anna oppleving å gå til fots i eit landskap i forhold til å køyra buss, seier Berge, som er glad i å dele interessa si for bibelsk historie og geografi.
- Kva er "Jesus trail"?
- Jesus trail er ei merka pilegrimsrute frå Nasaret til Kapernaum. Jesus gjekk mykje i dette området. Jesus trail går gjennom småbyar, landbruksområde, skog, hei og fjell. Mange stadar går me på det me her i Norge ville kalla ein traktorveg, andre stadar på gode stigar. Terrenget er ikkje tungt.
Arne Berge har arrangert mange turar til Israel, og ser på det å vera turleiar i kristen samanheng som eit supplement til prestetenesta.
- Eg syns Jerusalem er den mest spennande byen i verda! Eg gleder meg kvar gong eg reiser dit. Samtidig er det ei stor sorg at det jødiske og det palestinske folket hittil ikkje har funne nokon veg til fred, seier turleiaren.
Her er lenke til brosjyre og meir informasjon om turen: http://plussreiser.no/reiser/i-jesu-fotspor