Dagens bibelord

Openberringa 19,5–9

5 Og frå trona kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle hans tenarar, de som ottast han, små og store!» 6 Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa: «Halleluja! Herren vår Gud, Den allmektige, har vorte konge! 7 Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra! For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup. Brura har gjort seg klar, 8 og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.» Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. 9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.»