Kva er det å vere konfirmant?

Ei tid for fellesskap og til å tenke sjølv

Neste år kan du feire din konfirmasjonsdag i kyrkja! Velkomen som konfirmant i Knarvik, Alversund, Lygra og Seim!

I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og den verda du er ein del av. Vi håper du vil være konfirmant hos oss!

Kva er konfirmasjon?

Ordet konfirmasjon kan bety både «å bekrefte» og «å gjere sterk». Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når det bes ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å være ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua.

Konfirmasjonen er ei påminning om at Gud i dåpen sa ja til å være ein del av ditt liv.

Konfirmasjon er for alle

Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja – både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig. Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt med kyrkja. Døvemenighetene har eige tilbod med undervisning på teknspråk i tegnspråkmiljø for deg som er døv/høyrselshemma. Sjå meir på dovekirken.no.

Ynskjer du å delta på Samisk konfirmantleir kan du også det, uansett kvar du deltar i konfirmantopplegg. Sjå meir på kyrkja.no/samisk.

Leir

Det blir leir for alle konfirmantane dette året. Meir info om denne kjem ved oppstart

Dåp

Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Over tusen ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på førehand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni. Ta kontakt for meir informasjon

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"