Kyrkjelyden i Seim har misjonsavtale med Det Norske Misjonsselskap (NMS) og støttar arbeidet i Etiopia.
NMS samarbeider med Mekane Yesus kyrkja. Hovudfokus er retta mot kvinner, ungdom og minoritetsgrupper. Det er store forskjellar i Etiopia, mellom fattig og rik, menn og kvinner, ung og gammal, og ikkje minst mellom ulike folkegrupper.
Dette er vi med på i Etiopia:
- Arbeide for likestilling og myndiggjering av kvinner
- Kjempe mot kvinneleg omskjering og barneekteskap
- Gje ungdom nye impulsar
- Styrke stillinga og sjølvbiletet til marginaliserte grupper
- Å gjere Kristus kjent
Du finn meir informasjon om arbeidet i Etiopia på heimesida til NMS.
Kyrkjelyden i Alversund og Knarvik har misjonsavtale med Det Norske Misjonsselskap (NMS) og støttar arbeidet i Estland.
NMS samarbeider med den lutherske kyrkja i Estland (EELK).
Estland vart uavhengig i 1991. Etter 50 år med kommunisme og vanskelege tider for dei kristne og for kyrkja, treng dei støtte for å «koma på banen» att.
NMS er med på å byggja både kyrkjelyd og kyrkje i i Mustamäe, ein bydel i Tallinn og i forstaden Saku.
Dette er vi med på i Estland:
- Kristent mediearbeid
- Arbeid for born, unge og familiar
- Kyrkjebygging
- Å gjere Kristus kjent
Du finn meir informasjon om arbeidet i Estland på heimesida til NMS.