Andre aktivitetar

Kyrkjeklubben

Ein klubb for menneske med utviklingshemming. Song og leik. Kveldsmat. Samling i kyrkjerommet. Første måndag i månaden kl. 18.

Kulturkafé

Møte mellom menneske. Dette er ein fleirkulturell møteplass for born og vaksne 3-4 fredagar i semesteret kl. 17.30-19.30.
Du finn datoane i kalenderen.

Kom innom

Vaffel og prat, ein onsdag i månaden kl. 17.30-19.00.

Knarvik Gospel 

Øver annankvar torsdag i Knarvik kyrkje kl. 19.00-21.30. Koret er for vaksne i alle aldrar. 

Alversund Kammerkor

Øver tysdagar 19:00-21.00 i Knarvik kyrkje. Nye medlemar er velkomne. Du finn fleire opplysningar på www.alversundkammerkor.no

"Kaffikos" på kyrkjelydshuset i Alversund

I kyrkjelydshuset i Alversund møtest vi ein fredag i månaden til "Kaffikosen" kl. 14 - 16.  Vi har god tid til mat og prat, og har også andakt og andre varierte programinnslag.  "Vi" er pensjonistar, godt vaksne folk som gjerne blir kjent med nye.

Bønesamling

Bønesamling i kapellet i Knarvik kyrkje dei fleste måndagar kl. 17.45-18.30.

Husgruppe/bibelgruppe

Kyrkjelyden har nokre grupper som møtast i heimane.
Fellesskap, samtale, bibel og bøn. Ta kontakt om du ønskjer å vere med.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"