Soknemøte/årsmøte

Soknerådet kaller inn til soknemøte 29.april kl. 19.00 i "senterkyrkja" i tidlegare sportsbutikken. Fokus vert ny liturgi, årsmøtesaker. Det vert lettare servering og songinnslag.

Soknemøte/årsmøte

Liturgi

Kyrkjemøtet har bede alle kyrkjelydar revidere liturgien i gudstenestene etter nye retningslinjer. Soknerådet har difor gått igjennom og godkjent ein liturgi-tekst og liturgisk musikk. Det vert ein del endringar frå det som har vorte brukt dei seinare år.  Liturgiforslaget  skal leggast fram for soknemøtet til uttale, før endeleg vedtak i soknerådet og vidare til prost og biskop for godkjenning. I møtet går vi gjennom framlegget til revidert liturgi punkt for punkt. (Sjå vedlegga nedanfor.)

Årsmøtesaker, solosong og litt servering

Det blir også vanleg årsmøte med framlegging av årsmelding og årsrekneskap frå 2020. (Sjå vedlegga) Og det blir song av Bertine Sulebakk, deling av positive saker og servering  innanfor FHI sine råd  for servering. 

 

Litt meir om liturgi og liturgisk musikk

Det ligg no to framlegg til liturgitekstar : ei grunnordning for hovudgudstenesta, som vil bli dei fleste gudstenestene, og ei for familiegudsteneste/løvegjeng-gudsteneste. Søndagsåpent-liturgien vert i hovudsak ikkje endra. (Sjå vedlegga nedanfor)

 

Når det gjeld musikken vert det berre endring av hovudgudstenesta og delar av familiegudstenesta. Her er framlegget almenn serie 2. Viss du vil høyre denne musikken finn du lenker til dette her.

 

  1. Med band:

https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/kirkemusikk/liturgisk-musikk-og-salmesong/  

 

Trykk du på linken og skrollar du litt nedover så finn du lydklipp på Kyrie, Gloria, Sanctus og Agnus dei i serie 2. 

 

  1. Med song og piano:

https://hinnakirke.no/V%C3%A5r-menighet/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/13621/Ny-liturgisk-musikk

 

Påmelding

Det gjer det enklare for arrangør om du melder deg på både med tanke på tilviste plassar, servering og registrering for smittevern. Meld deg på her  eller ring 4001691 mellom 10 og 14 på kvardagar. Men du kan også kome utan å vere påmeldt

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"