Endeleg, no blir det gudstenester igjen!

Søndag 10.05 har vi lov å starte opp att med gudstenester med 50 deltakarar og vi prøver litt forsiktig med kveldsgudstenester kl. 19.00 og 20.30.

Endeleg, no blir det gudstenester igjen!

Gudstenestene blir ved Håkon Økland Kinsarvik, Ruben Sæle og Trond Fykse. Kvar av gudstenestene blir korte med nattverd. Solosang ved Vibeke Bjørndal Midttun. 

Meland kyrkje blir den første som startar opp att av kyrkjelydane i DNK i Alver. Vi har difor jobba intensivt med smittevernomsyna, og vi trur dei som kjem kan vere trygge. Vi ber om dette frå deg som vil kome:

*Send ei påmelding til kva gudsteneste du vil kome på, så vi slepp å stoppe nokon i døra. Det kan du gjere på denne lenka, på ein epost til hk482@kyrkja.no eller på mobil 97644169.

* Ikkje kom viss du er sjuk, har symptom på luftvegsinfeksjon, har feber eller er i karantene

* Følg  råda frå kyrkjevertar og medarbeidarar i gudstenesta. 

* Hugs handhygiene og avstandsregelen på 1 meter. 

* Unngå mest mogleg kontakt med flater og gjenstander i kyrkja. 

Vi skal sørge for tilgang på handsprit, reinhald mellom gudstenestene,  at sitjeplassar som kan brukast er tydeleg merka og rettleiing undervegs. 

Bruk hovudinngangen, så sant du ikkje har behov for rullestolinngangen.

Vedlagt ligg meir om smittevern i Meland kyrkje.

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"