Søndag 15. september markerer vi oppstart av nytt misjonsprosjekt både på gudstenesta kl. 11 og "Misjonsfokus" på Møteplassen kl. 19.00. Vi får besøk av Åslaug Ihle Thingnæs frå Det norske misjonselskap (NMS).
Det nye misjonsprosjektet er Midtausten i regi av NMS. Åslaug Ihle Thingnæs er NMS sin representant i Midtausten. På gudstenesta blir det overrekking av den nye avtalen og informasjon om prosjektet. Takkofferet går til NMS. Det blir dåp av tre barn og nattverd.
Prest: Håkon Økland Kinsarvik.
Organist: Arvid Sakseide.
Kyrkjetenar: Junji Furukawa.
På Møteplassen, Frekhaug torg, kl. 19.00 arrangerer misjonsutvalet Misjonsfokus, også med besøk av Thingnæs. Tema: Midtausten, misjon i mot- og medgang. Det blir lett servering og misjonsoffer.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.