Smittevern og gudstenester

Vi held oppe gudstenester  kvar søndag med smittevernreglar i Meland kyrkje

Smittevern og gudstenester

Etter 15. juni vart det opna for arrangement med inntil 200 personar med minst 1 meters avstand. Det er plass til 112 enkeltpersonar i Meland kyrkje, men ein god del kjem frå same husstand og dermed er det plass til mange fleire. Gudstenestene i Meland kan difor gå som vanleg. Det blir dåp, nattverd og kyrkjekaffi på ein del av gudstenestene. Du kan gi offer med kontantar, kortterminal og Vipps. Det er godt tilrettelagt med merking, handsprit og påminning om avstand etc. Vi må også, etter pålegg frå Folkehelseinstituttet, registrere dei som kjem med namn og telefonnummer, men listene vert sletta etter 10 dagar. 

Ei lita generell påminning:

* Ikkje kom viss du er sjuk, har symptom på luftvegsinfeksjon, har feber eller er i karantene

* Følg  råda frå kyrkjevertar og medarbeidarar i gudstenesta. 

* Hugs handhygiene og avstandsregelen på 1 meter. 

* Unngå mest mogleg kontakt med flater og gjenstander i kyrkja. 

Vi skal sørge for tilgang på handsprit, reinhald mellom gudstenestene,  at sitjeplassar som kan brukast er tydeleg merka og rettleiing undervegs. Bruk hovudinngangen, så sant du ikkje har behov for rullestolinngangen.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"