Marie Skarrebo Holmen er 27 år og er oppvaksen i Holmestrand. Ho er nyforlova med David og har planar om å gifte seg og busetja seg saman med han i Oslo til hausten. Men før det skal ho denne veka gjere ferdig praksisperioden i Meland og Alver og deretter avslutte prestestudiet på MF Vitenskapelig høyskole.
I studietida har Marie vore tilsett i ei deltidsstilling i Nettkirken som er Sjømannskyrkja si kyrkje på nettet, der det går an å chatte med prestar og diakonar, mellom anna Marie. Marie har også vore aktiv i Storsalen menighet i Oslo.
Marie har fått ein ganske annleis praksisperiode enn det som var venta. Mykje av tida har ho vorte sitjande i kjellarleiligheita i eit byggefelt på Frekhaug med heimekontor der, men ho seier at det er ein god stad å vere. Den siste veka har ho fått ganske mykje å gjere og det er fint å avslutte praksisen med ei veke med mange relevante oppgåver.
Vi i staben som har fått lov til å bli litt kjent med henne, har tenkt at Meland kyrkjelyd har gått glipp av kjennskapet til ei svært triveleg ung dame. Nedanfor finn du lenka til ein tale som ho har spelt inn, som skulle vore halde på gudstenesta 15.03 .
Vi ønsker å takke Marie for tida saman her i Meland, til tross for at den blei ganske redusert og ganske merkeleg pga koronaperioden! Og vi vil ønskje henne alt godt og Guds velsigning over tenesta som prest.