Eit levande Frekhaug - med kyrkje og kultur

Ein raskt veksande kommune treng meir enn matbutikkar (og litt meir). Kyrkja vil gjerne at Frekhaug skal vere eit levande sentrum, for å  førebyggje problema som kan kome med folkeveksten. Tek kommunen utfordringa?

Frekhaug senter. Foto: 3s - Wikimedia commons

Meland veks

Den sterke folkeauken i Meland utgjer ei stor utfordring, også for kyrkja. Vi har om lag 100 dåp i året. 1600 medlemmer mellom 0-18 år skal ha trusopplæringstilbod, sidan skulen ikkje har denne oppgåva lengre. Av desse er det 70-90 konfirmantar som skal ha eit omfattande tilbod før konfirmasjonsdagen. Folketalet veks også i andre aldersgrupper, og kyrkja bør ha kontakt med folk flest, sidan dei fleste er medlemmer, men også sidan det er kyrkja si oppgåve å tene lokalsamfunnet.

Denne folketalsutfordringa er felles for kommune og kyrkje. Ikkje minst er det viktig å skape lokalt tilhøyre og drive førebyggande arbeid i alle aldersgrupper: Sosialt arbeid, kulturarbeid og åndeleg arbeid som gjer at menneska i kommunen vår har det godt, finn vener og har meiningsfylte aktivitetar både på dagtid og kveldstid. Utan førebyggjande arbeid blir rekninga i etterkant stor: psykiske problem, andre helseproblem, rusproblem, kriminalitet. Slike ting kostar samfunnet enorme summar.

Meland kyrkje er ein 150 år gamal bygning, bygd for eit folketal på 1700 innbyggarar. No er det 7500 innbyggarar i kommunen. 6100 av desse er medlemmer av Den norske kyrkja. I 2040 vert det etter dei middels store prognosane frå SSB 13 000 innbyggarar i Meland kommune.

Kva gjer kyrkjelyden måndag til laurdag
Ein del av kyrkjestaben har mykje arbeid med førebuing av gudstenester, dåp og gjennomføring av vigsler og gravferder. Men svært mykje skjer i regi av andre tilsette og ikkje minst den store gruppa av frivillige medarbeidarar. Meland kyrkjelyd har mange aktivitetar gjennom heile veka.

  • Norsk-kurs
  • Internasjonal kafe
  • Open Møteplass
  • Babysang/småbarnstreff
  • Kyrkjeskule
  • Husgrupper
  • Møteplassen Ungdom
  • Konfirmantarbeid
  • Leiartrening
  • Yngres
  • Seniors
  • Octavia
  • Felix
  • Barnefestkonsert
  • Konsertar
  • Besøksteneste
  • Roseutdeling
  • Med meir

Oversikten over det meste finn du på den nye nettsida vår www.melandkyrkja.no. Vi har arbeid for innvandrarar, eldre, småbarnsforeldre, barn og unge, song og musikk og mykje meir. I 2014 var det  210 registerte frivillige medarbeidarar i Meland kyrkjelyd. Ei tilfeldig valt veke våren 2015 var 85 frivillige medarbeidarar i sving og utførte 225 timars arbeid, og kyrkjelyden møtte bortimot 600 menneske med sine aktivitetar frå  måndag til søndag. Mange veker er det mykje meir som skjer. Etter at det nye lokalet Møteplassen på Frekhaug torg vart ferdig i september har aktiviteten og besøket auka merkbart.  Men det er også eit ganske lite lokale, som allereie har godt belegg. Vi ser på det som eit steg mot noko meir..

Kva skjer i Meland kyrkje ein søndag

Inntil 25 medarbeidarar er i sving på ei søndagsgudsteneste. 3 av desse er tilsette. Meland kyrkjelyd er prega av eit sterkt miljø for song, musikk og eit godt tilbod for barn både i gudstenestene og i samanheng med gudstenestene. 2, 3 eller 4 grupper med barn og unge er samla til søndagsskule: i «løvehola» i tilbygget, i kyrkjestova eller på loftet, eller ute i gapahuken når det er bålsamling. Vi har  kyrkjekaffi etter gudstenestene, med enkel servering, og det er ein viktig samlingsplass som folk sluttar opp om. Det var 81 gudstenester i 2014 med tilsaman 11.000 deltakarar, eit snitt på 135 personar pr. gudsteneste.  Dette trass i at Meland kyrkje ikkje ligg sentralt til i forhold til kvar folk er busett i Meland.

Det er for trangt i Meland kyrkje!

Forholda for dåpsfamiliane, tillaging og gjennomføring av kyrkjekaffi og søndagsskulegruppene er til dels veldig kummerlege, romma i tilbygget er ikkje tidsmessige og ofte er det altfor liten plass. Det er dårleg luftkvalitet og kyrkjetenaren har ikkje tenleg vaskerom. Vi har ikkje noko skikkeleg kjøkken for tillaging av kyrkjekaffien, og vi har gjort om det gamle dåpssakristiet til søndagsskulerom for å få plass til fleire. Når vi har gudstenester med 3-5 dåp, treng vi plass til familiane som skal gjere seg klar. Det kjem kanskje 20-30 deltakarar (småbarn med følgje) i Løvehola ( i tillegg til skuleborna som går til kyrkjestova) og det skal lagast til kyrkjekaffi for 200 menneske. Så det seier det seg sjølv at det blir dårleg plass på tilsaman 52 kvadratmeter. Det arealet skal også romme eit lite vaskerom og lagringsplass.

Potensialet

Erfaringar frå andre kyrkjelydar som får eit nytt kyrkjebygg er svært gode. Eit døme:  I Skjold kyrkje som fekk seg ny kyrkje for 20 år sidan er det eit yrande liv av barn, unge, vaksne og eldre alle dagar i veka. Det er til og med vanskeleg å finne ledige rom og tider.  Frekhaug treng ein kafé som vi tenker det nye bygget kan romme. Meland treng treffplassar, og heile området treng eit konsertlokale som kan romme ikkje-akustiske konsertar. Frekhaug treng ein ungdomsklubb, også ein i kommunal regi. Det vil bli aukande behov for, etter kvart som befolkninga veks, utleigerom til selskap og foreiningsliv. Vi trur oppslutninga om aktivitetane vil skyte fart med eit fleirbrukshus i sentrum. Og vi trur at med tenlege lokale med kjøkken og mange ulike rom, vil aktivitetane vekse.

Kva med Knarvik kyrkje? Kva med Meland kyrkje?

Knarvik kyrkje har vore så etterlengta at den er snart fullbooka. Viss vi skulle flytta aktivitetane frå Meland til Knarvik, ville det snart vore heilt umogeleg. Det same som har skjedd med idrettshallane (Nordhordlandshallen er fullbooka, Meland aktiv er fullbooka) vil også skje med nye kyrkjer i utbyggingsområde.

Endå viktigare, vi som bur i Meland må bygge nærmiljøet her. Vi kan ikkje satse på alle funksjonar i  Knarvik. Kyrkja har bruk for eit fleirbrukshus nær sentrum. Alle har ikkje bil. Barna, dei unge, dei eldre, uføre og mange innvandrarar er avhengig av andre for å kome seg til Meland kyrkje eller til Knarvik. Men ei nærkyrkje på Frekhaug, ville fleire tusen menneske kunne nå kyrkja med å spasere eller sykle. Og dei som har busett seg på Frekhaug med tanke på å klare seg utan eigen bil, ville kunne kome seg fram dit sjølv. Dei offentlege kommunikasjonane er betre mot Frekhaug,  i forhold til mot Meland.

Meland kyrkje vil framleis vere i aktiv bruk etter ei ny kyrkje er komen på plass. Det er ikkje planar om ny kyrkjegard på Frekhaug, så dei aller fleste gravferder vil vere frå Meland kyrkje. Vigsler, gudstenester og andre arrangement kan framleis gå føre seg i Melandkyrkja. Og med det store folketalet vi kan vente oss, vil det etter kvart vere nødvendig med fleire gudstenester pr. søndag i Meland.

Frekhaug- eit levande sentrum?

Kyrkja har bruk for eit fleirbruksbygg i Frekhaug sentrum. Det har også innbyggarane i kommunen, meiner vi.Vi har samanfallande behov for sosialt og kulturelt arbeid. Frekhaug må ikkje ende som ein død «soveby» utan tilbod om treffplassar, og med store sosiale problem som kostar samfunnet enorme ressursar.

Vi kan bruke mange lokale saman i eit kombinert bygg og utnytte areala så godt som råd. Akkurat kyrkjerommet kan ikkje brukast til absolutt alt, men til mykje som ikkje er støytande i eit kyrkjerom. Men alle andre rom i ei fleirbrukskyrkje kan brukast til svært mykje. Og med god planlegging og teikning av bygget kan dette bli eit tenleg hus for alle brukarar. Saman kan vi spele kvarandre gode.

Kva forventar vi av kommunen no?

Tomta må på plass og kommunen må kartlegge behova og vite kva dei vil.

Utan at vi har ei konkret tomt som er kjøpt, er det svært vanskeleg å kome i fart med prosjektet. Kyrkjelyden vil drive innsamlingsarbeid, men utan tomt er det som å samle inn til eit luftslott. Viss kommunen ønsker å kome billigare frå eit kyrkjebyggingsprosjekt, gjennom at midlane skal kome frå andre kjelder enn berre kommunal finansiering, må ein også ha forståing for korleis frivillige midlar kan bli utløyst.

Kyrkja sitt utval for kyrkjeplanane har jobba mykje med kyrkja sine behov, men er komen til det punktet der ein ikkje kjem vidare utan at kommunen må kome med kva dei ønsker for kulturdelen. Det er difor på tide at kommunen arbeider med kartlegging av behov og ønske, som deretter kan nedfellast i funksjonsplan, kvadratmeter og kostnad. Og så treng vi svar på:  Vil kommunen vere med på eit kyrkje/kulturbygg-prosjekt?

Med helsing kyrkjeverja i Meland, Anne Sofie Nergård Uthaug, for Meland sokneråd og kyrkjeutvalet (som planlegg ny kyrkje/kulturbygg på Frekhaug). 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"