Stillas er komen opp og snart startar snekkarane. Innvendig er elektrikarar i gang, og ein dugnadsgjeng har rydda ut av kyrkjeloftet. Kvifor? Dette er planlagt opprusting og vedlikehaldsarbeid utover våren og sommaren:
* Installering av nye og betre varmeovnar under benkane i kyrkjerommet
* Sliping og lakking av golvet i kyrkjerommet
* Maling av slitt interiør i kyrkjerommet
* Nytt teppe i midtgangen
* Ny møbel i koret/klokkarplassen for å skjule lydanlegg med meir
* Nye benkeputar
* Reparere rotne vinduskarmar og tårnluker utvendig.
* Byte øydelagt kledning
* Vaske og male heile kyrkja
* Ny kjøkkeninnreiing og golv på sakristiet.
* Ny inndeling av rom i tilbygget og innreiing av desse: lagerrom med vaskeromsdel, kjøkken (kyrkjekaffi mm), kyrkjetenarkontor.
* Nytt golv i tilbygget
* Ny isolasjon på kyrkjeloftet og bygging av gangveg over bjelkelaget.
* Nye led-lyskastarar ute.
* Kyrkjestova skal malast
Kven betaler?
Kostnaden skal dekkast av avsette pengar i kommunen til varmeanlegg, som vart mykje enklare og billigare enn rekna med etter søknadsrunden hjå Riksantikvaren. Covid 19- midlar på 3,5 millionar via kommunen til andre prosjekt i Alverkyrkjene, gjer at det blir gjort eit stort løft på fire av kyrkjene i 2021; Ostereidet, Lygra, Lindås og Meland. Dette er gledeleg, for det er eit stort vedlikehaldsetterslep på fleire av kyrkjene i Alver. Meland kyrkje hadde sårt behov for vedlikehald og opprusting både inne og ute.
Dugnad og innsamling
I veka før påske var det ein gjeng med godt vaksne menn som rydda ut mykje ting frå kyrkjeloftet for å legge til rette for isolasjonsjobben der.
Det er også planlagt dugnad utpå våren for å male kyrkjestova.
Det er ein viss usikkerheit i prosjektet med tanke på kostnaden med benkeputane mm, for kommunen aksepterer ikkje overskridingar. Vi kjem tilbake med informasjon om det trengs noko innsamling til konkrete prosjekt vi ønskjer å bli ferdig med i år.
Gudstenester på Frekhaug og gravferder frå Knarvik kyrkje
Det er inngått avtale om å leige det tidlegare Intersportlokalet i Frekhaug torg for perioden 9. april til 9. mai. Gudstenestene frå 18. april vert i dette lokalet. (Så sant vi får ha gudstenester), Løvegjengen kan ha samlingar på Møteplassen og kyrkjekontoret. Toalett og kjøkken vert også i 2.etasje (med heis). Dette blir spennande å prøve for ein periode.
Vi har inngått avtale med Knarvik sokn om å låne Knarvik kyrkje til gravferdene som måtte kome i denne perioden. Bårene vil bli frakta til Meland kyrkjegard etter seremonien i Knarvik kyrkje. Personalet blir Meland sokn sine prestar, organist og kyrkjetenar.