Kva skjer med Meland kyrkje??

Nokre har kanskje lagt merke til stillaset på kyrkja, eller høyrt at det pågår arbeid inne. Etter påske byrjar ein stor jobb i kyrkja, eller rettare sagt, mykje ulikt vedlikehalds-og opprustingsarbeid. Og kyrkja vert stengt for gudstenester i ein månad, men det vert gudstenester på Frekhaug og gravferder i Knarvik.

Kva skjer med Meland kyrkje??

Stillas er komen opp og snart startar snekkarane. Innvendig er elektrikarar i gang, og ein dugnadsgjeng har rydda ut av kyrkjeloftet. Kvifor? Dette er planlagt opprusting og vedlikehaldsarbeid utover våren og sommaren:

* Installering av nye og betre varmeovnar under benkane i kyrkjerommet

* Sliping og lakking av golvet i kyrkjerommet

* Maling av slitt interiør i kyrkjerommet

* Nytt teppe i midtgangen

* Ny møbel i koret/klokkarplassen for å skjule lydanlegg med meir

* Nye benkeputar

* Reparere rotne vinduskarmar og tårnluker utvendig.

* Byte øydelagt kledning

* Vaske og male heile kyrkja

* Ny kjøkkeninnreiing og golv på sakristiet. 

* Ny inndeling av rom i tilbygget og innreiing av desse: lagerrom med vaskeromsdel, kjøkken (kyrkjekaffi mm), kyrkjetenarkontor. 

* Nytt golv i tilbygget

* Ny isolasjon på kyrkjeloftet og bygging av gangveg over bjelkelaget. 

* Nye led-lyskastarar ute. 

* Kyrkjestova skal malast

Kven betaler? 

Kostnaden skal dekkast av avsette pengar i kommunen til varmeanlegg, som vart mykje enklare og billigare enn rekna med etter søknadsrunden hjå Riksantikvaren. Covid 19- midlar på 3,5 millionar via kommunen til andre prosjekt i Alverkyrkjene, gjer at det blir gjort eit stort løft på fire av kyrkjene i 2021; Ostereidet, Lygra, Lindås og Meland. Dette er gledeleg, for det  er eit stort vedlikehaldsetterslep på fleire av  kyrkjene i Alver. Meland kyrkje hadde sårt behov for vedlikehald og opprusting både inne og ute. 

Dugnad og innsamling

I veka før påske var det ein gjeng med godt vaksne menn som rydda ut mykje ting frå kyrkjeloftet for å legge til rette for isolasjonsjobben der.

Det er også planlagt dugnad utpå våren for å male kyrkjestova. 

Det er ein viss usikkerheit i prosjektet med tanke på kostnaden med benkeputane mm, for kommunen aksepterer ikkje overskridingar. Vi kjem tilbake med informasjon om det trengs noko innsamling til konkrete prosjekt vi ønskjer å bli ferdig med i år. 

 

Gudstenester på Frekhaug og gravferder frå Knarvik kyrkje

Det er inngått avtale om å leige det tidlegare Intersportlokalet i Frekhaug torg for perioden 9. april til 9. mai. Gudstenestene frå 18. april vert i dette lokalet. (Så sant vi får ha gudstenester), Løvegjengen kan ha samlingar på Møteplassen og kyrkjekontoret. Toalett og kjøkken vert også i 2.etasje (med heis). Dette blir spennande å prøve for ein periode. 

 

Vi har inngått avtale med Knarvik sokn om å låne Knarvik kyrkje til gravferdene som måtte kome i denne perioden. Bårene vil bli frakta til Meland kyrkjegard etter seremonien i Knarvik kyrkje. Personalet blir Meland sokn sine prestar,  organist og kyrkjetenar. 

 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"