Påsken 2021 i Meland - ikkje som planlagt

Alle opne gudstenester går ut pga pandemi-restriksjonane. Skjærtorsdag blir det open kyrkje. Det blir tilbod på nettet frå Knarvik kyrkje. Og 1. påskedag vert utsett!

Planane var lagt for påsken då beskjeden kom at vi ikkje fekk ha arrangement i kyrkja denne påsken. Dei tre planlagte dåpane på palmesøndag vert gjennomført i lukka dåpsgudstenester. Skjærtorsdag vert det open kyrkje frå kl. 11-13.00, langfredag 2. april er soknepresten vår med på direktestrøymt gudsteneste frå Knarvik kyrkje og 1.påskedagsgudstenesta planlegg vi å feire når det vert opna for gudstenester igjen. 

Open kyrkje Skjærtorsdag 1. april kl. 11-13.00

Det blir mogleg å gå inn i kyrkja, saman med dine nærkontaktar/din kohort, tenne lys, vere der i stillheit og bøn, lytte til musikken og få nattverd. Det er ikkje noko arrangement, utan byrjing og slutt. Nattverd vert delt ut etter kvart som folk kjem. Diakon Ruben Sæle og spesialprest Håkon Økland Kinsarvik vert tilstade i kyrkja. 

Nettgudstenester frå Knarvik 

Det blir direktesendte gudstenester frå Knarvik kyrkje skjærtorsdag kl. 18.00, langfredag kl. 11.00 og 1. påskedag kl. 11.00.  Så langt har vi informasjon om presten på langfredag, vår eigen sokneprest Bjørn Tore Sæle. NB: Gudstenestene kan ikkje vitjast, dei er berre opne for medverkande pga smittevern-restriksjonane.Meir informasjon og lenker til nettsendingane kjem etter kvart. 

Noko ein kan gjere saman heime

Ei ressursside for barn frå Bibelselskapet. Høyr/les påskeforteljingane, last ned gratis fargeleggingsark, oppskrift på påskemåltid. Bibelselskapet 

Israelsmisjonen sel ein digital påskepakke med mange ressursar for påskemåltid. 

Søndagskolen Norge har påskeressursar på nettet. 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"