Lesarinnlegg av Geir Øy i Strilen

Her er lesarinnlegget av Geir Øy i Strilen 20.12.2017

Kvifor i all verda skal det komme ny kyrkje på Frekhaug? Ei flott kyrkje ligg på Meland, og det er kort veg til kyrkja i Knarvik!

Like fullt gjekk kommunestyret i Meland inn for å bygge ny kyrkje i Frekhaug sentrum. Mange gleder seg og andre er skeptiske og spør gjerne: «Er ikkje kyrkja på Meland god nok?» Eg vil kome med nokre tankar om dette. Eg er ikkje berre objektiv sidan eg er prest i nabobygda og nabokyrkja. Men eg har i det minste erfaring på området.

Eg hadde gode barneår på Lindås. Då me flytta dit i 1973, køyrde flyttebilen frå Knarvik til Lindås på gamlevegen via Seim, Søreide mot Hundvin og Fjellanger-svingane. Behovet for ny veg på Lindåshalvøya var påtrengande. Det er ganske utruleg å tenke på at under den første anleggsperioden på Mongstad, gjekk all trafikk på denne vegen, som ikkje var asfaltert ein gong. Nyevegen måtte berre kome.

I Knarvik gler ein seg no stort over at ny barneskule reiser seg. Sjølv om den gamle ikkje er meir enn omlag 50 år gamal, er det behov for eit nytt og tenleg anlegg. Rett nok må dagens skule på sikt på rivast for å gje plass til nye vegar, men det er uansett ikkje eit bygg for vår tid.

Eg har lang erfaring frå Rogaland. Der har ein bygd mange nye kyrkjer sjølv om ein har eldre, fine bygg. Det ein har vunne, er kyrkjer som på ein heilt annan måte spelar på lag med lokalsamfunnet.

Eit godt døme er stasjonsbyen Nærbø på Jæren. Langs Jærbanen, midt i jordbrukslandet, ligg bygda der, innanfor ein radius på 1 km. På Nærbø har dei ei flott gamal kyrkje. Likevel bygde dei ei ny, stor kyrkje i same bygd i 2005. Det gamle kyrkjebygget svarte ikkje til behova i den nye tid. Før hadde dei ei høgtidskyrkje. No er det eit yrande liv i nyekyrkja på Nærbø. Barn og unge i stort tal deltar på ulike aktivitetar. Det vil ofte bli stilt spørsmål ved ressursbruk og prioriteringar med så store prosjekt. Men spør du folk på Nærbø i dag, vil svært få seie at ein kunne klart seg like godt med gamlekyrkja. Ho er no i aktiv bruk som seremonikyrkje ved bryllup og gravferder.

Dersom ein søkjer til kyrkja ved dei store dagar, på julafta, ved dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd, så dekker gamlekyrkja behovet. Men ei folkekyrkje kan bidra med så mykje meir.

Eg høyrer det blir trekt fram at den nye kyrkja i Knarvik kunne vore aktuell for dei som ønskjer å gå i ei nyare kyrkje. Sjølv om eg gleder meg over alle som kjem til Knarvik kyrkje, vil ho aldri kunne bli eit alternativ. Ei open og aktiv folkekyrkje må ligge nær dei som skal bruke henne. For eldre ungdommar vil Knarvik-kyrkja vere eit alternativ. Dei vil ha glede av eit større ungdomsmiljø. For andre, både barn, vaksne og eldre, vil ei kyrkje i nærmiljøet vere lettare å søke til for mange.

I tillegg til at kyrkja på Meland ligg eit godt stykke unna der hovudtyngda av folk i soknet bur, dekkjer ho ikkje dei behov som ei ny kyrkje kan gjere i eit folkerikt område. Også i Meland vil ei ny kyrkje kunne spele på lag med lokalsamfunnet på ein heilt annan måte enn gamlekyrkja. Det vil bli ei kvardagskyrkje med aktivitet heile veka, stort sett året gjennom. Ho vil ligge på den plassen i den noverande kommunen folk naturleg søker til. Dersom ein ønskjer ei aktiv folkekyrkje i Meland, vil ein trenge eit bygg for vår tid.

Eg ser fram til å følgje prosessen vidare med få ei ny kyrkje for ei ny tid sentralt på Frekhaug. Til lukke!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"