Kor sunn er kyrkjelyden vår?

For tiande gong sidan 2000 skal Meland kyrkjelyd "ta temperaturen" på kor sunn vi er. Vi har sendt ut spørsmål til ei gruppe menneske som skal svare på eit spørreskjema.

Kor sunn er kyrkjelyden vår?

Kriteria for å bli med i spørjeundersøkinga er å vere med i ei smågruppe som har eit kristent fellesskap ( husgruppe, misjonsgruppe, bønnegruppe eller turgruppa Ferdafolk), er regelmessig gudstenestedeltakar og har ei teneste i kyrkjelyden. Årsaka til kriteria er at ein må kunne svare på spørsmål om gruppa, om gudstenester og om teneste. 

Meland kyrkjelyd har gjort slike undersøkingar heilt sidan 2000, heile 9 gonger, sist i 2019. Profilane innheld mykje nyttig informasjon for sokneråd og leiarskap for å sjå kva som er kyrkjelyden sine sterke og mindre sterke sider og kor ein bør jobbe for at folk skal trivast hos oss, skal synes det er fint å vere i ei teneste, skal få inspirasjon i gudstenester og grupper. Undersøkinga viser kva som kan hindre at kyrkjelyden veks. I 2013 vart det utgitt ei bok (O. Rolfsen og S. Sørensen: 10 menigheter med en helt overkommelig kirkevekst) der Meland kyrkjelyd var med som eit eksempel på ein kyrkjelyd som hadde tatt fleire profilar. Sjå lenke til kapitlet nedanfor. 

NaMu-profilen er ei internasjonal og tverrkyrkjeleg undersøking tilpassa norske forhold, men nokre spørsmål har kanskje litt uvant ordlyd. Det skuldast at det skal fungere i mange ulike kyrkjelege settingar. Har du som svarer på spørsmåla problem med nokre av spørsmåla, ta kontakt med Anne Sofie Uthaug, så kan eg kome med tips om korleis du kan tenke når du svarer. Vil du vite meir om NaMu eller Naturlig menighetsutvikling er lenka til den norske organisasjonen www.namu.no 

Kva blir gjort etter undersøkinga? Soknerådet og staben får undersøkinga tilgjengeleg for å analysere den og bruke den til å tenke over kva som no er til å glede seg over og utfordringar framover. Det blir gjerne også laga nye planar, viss det er noko som bør endrast. Vi har ein veileder frå NaMu som kan hjelpe oss på veg. Viss du som har svara på undersøkinga og ikkje er med i sokneråd eller stab har lyst til å vite meir, ta gjerne kontakt. Vi informerer gjerne, og kanskje vi skal legge ut noko på nettsida?!

Har du vore med på undersøkinga fleire gonger og synes du har bidratt nok? Det er heilt ok å sei nei, og vi er takksam for innsatsen du har gjort før.  Men hugs at ein helsesjekk trengs å gjerast om att, så vi er veldig glad for om du vil gjere det enno ein gong. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"