Radøy damekor

Radøy damekor er kyrkja sitt vaksenkor. Nedre aldersgrense er 18 år, men det er ikkje noko øvre grense!

Radøy damekor, oktober 2022. Foto: Håkon Glatved-Prahl

Koret vart starta i 2000 av Odd Leif Mjøs, den gongen som eit blandakor med namnet "Radøykoret". William Kay var koret sin faste dirigent frå frebruar 2002 til september 2011. Jurate Norkuviene var dirigent fram til sommaren 2017, og Eirin Beate Åserud-Løvlid fram til sommaren 2022.

Repertoaret vårt er like variert som kormedlemane sjølve! Koret har i mange år arrangert julekonsert i Manger kyrkje. Vi har òg hatt samarbeidsprosjekt med Geirr Lystrup og Hjelmås mannskor, og har vore med på radiogudsteneste i NRK P1. Koret har reist på turné til Litauen og nokre kormedlemar var med og framførte Beethoven sin korfantasi saman med Leif Ove Andsnes og BFO. Koret var også med på Nordisk-Baltisk korfestival i Riga.

Jula 2023 fremførte vi Gloria av Vivaldi i arrangement for like stemmer saman med fleire andre damekor og dirigent Jan Røshol. Våren 2024 arbeidar vi fram mot sommarkonserten vår som vert eit samarbeid med ei rytmegruppe frå Alver. Konserten vil bli dirigert av Ann Christin Hoen. 

Øvingsdagen er torsdag på Rasteplassen, Idrettsvegen 1A, Manger. Vi byrjar med sosialt samver kl. 18:30, og øver frå 19:00 til 21:00.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"