Besøksteneste i Radøy

Me startar opp med besøksteneste for Radøy, i samarbeid med Røde kors og Frivilligsentralen.

Besøksteneste i Radøy

Ver ein ven, og få ein igjen! 

 

Vil du vera med å gjere ein forskjell for nokon som treng litt av di tid? Det kan vere å gå ein tur, ta ein ekstra telefonsamtale, gå på besøk og ta ein kopp kaffi med ein annan person. 

Det treng ikkje kreve så mykje, men det kan bety mykje for ein som har behov for besøk eller å ha nokon å vere saman med. 

 

Røde kors har eit godt etablert kursopplegg for besøksvener, og dei tilbyr kurset for besøksvener her på Radøy. Du vert då registrert i frivilligregisteret deira. Likevel er det kyrkja på Radøy som koordinerer besøkstenesten her, så det vert me som ha jamnleg kontakt. 

Me startar med eit informasjonsmøte, der me fortel meir om kva det innebærer å verte besøksven

15.oktober kl 19.00 på Rasteplassen. 

Møtet er ikkje forpliktande, men open for alle som kan vere interesserte i å verte besøksven.

Av smittevernhensyn ber me om påmelding til Gudveig Kartveit Sundsbø, 93840587. 

Vel møtt til møtet! 

 

Kva vil det innebere å vere besøksven? 

- Du får eit kurs om det å vere besøksven

- Du får bli kjent med ein person du er besøksven for

- Invitasjon til samlingar med rettleiing, aktuelle tema, inspirasjon for besøkstenesta på Radøy

- Du vert invitert til temakveldar med Røde kors (Knarvik eller Bergen) 

 

 

Dersom du ønskjer å få besøk av ein besøksven, ta gjerne kontakt med Gudveig, så vert du kontakta når me er klare med besøksvener! 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"