Leige av kyrkjene

Det er høve til å leige soknekyrkjene i Radøy til konsertar og andre kulturarrangement. Emigrantkyrkja på Sletta er privateigd, og alle spørsmål angåande den bør rettast til Museumssenteret i Hordaland.

Manger kyrkje, foto: Willem Vogelaar

Leigesats

  • Konsertar og andre inntektsbringande arrangement
    15% av bruttoinntekta, minimum kr 2500.
    Leiga dekkar utgifter til oppvarming, reingjering m.m.
    I tillegg kan koma løn til kyrkjetenar etter medgått tid.
    Arrangement som har born og unge som målgruppe betalar 15 % av brutto billettinntekter, med ein minstesats på kr. 0,-.
  • Ikkje-inntektsbringande arrangement
    Kr 2500.
    I tillegg kan koma løn til kyrkjetenar etter medgått tid.

Det skal som ein hovudregel vere kyrkjetenar til stades ved alle utlån av kyrkje. Kyrkjetenar vert utfakturert med kr. 320 pr time. Viss det ikkje er kyrkjetenar på eit arrangement, må det vere ein person som er brannvernansvarleg.

Ved øving i forkant av arrangement skal det som regel ikkje betalast leige for kyrkja, men leigetakar kan verta fakturert for ekstra oppvarming og reingjering ved behov. For øving eller førebuing/rigging dagen før skal ein betale kr. 500 for dag 2.

Når det er billettsal, må leigetakar melde frå om brutto billetsal til lokalt kontor.

Kapasitet

Etter gjeldande brannvernplan er det høgste tal personar som kan vera tilstades inne i kyrkjene slik:

  • Manger kyrkje: 400 personar.
  • Hordabø kyrkje: 300 personar. 
  • Sæbø kyrkje: 300 personar. 

Bruksreglar

Kyrkjerommet er eit sakralt rom og det gjeld spesielle reglar for bruk av rommet.  Kyrkjetenaren som er til stades vil kunne gje rettleiing om kva som kan og ikkje kan gjerast. Leigetakar forpliktar seg å fylgje gjeldande bruksreglar og melding gjeve av kyrkjetenar.

  • Det er ikkje lov å lyfte opp eller flytta på teppet/løparen i midtgongen av kyrkja.
  • Det er ikkje lov å køyre tunge instrument- eller utstyrskasser på løparen/teppet.  Desse må køyrast inn gjennom rullestolinngongen på kyrkja si høgre side.   Her er òg rampe for lettare tilkomst.
  • Flygelet skal ikkje flyttast utan etter avtale med kyrkjetenar eller organist.  Det er forbudt å plassere på flygelet gjenstandar som kan gjere skade på instrumentet, t.d. vannflasker, ljos, blomar.
  • Orgelet kan brukast etter avtale og informasjon ved organisten.
  • Mat og drikke skal ikkje nytast i kyrkjerommet.
  • Lys på alteret skal berre tennast til gudsteneste og kyrkjelege handlingar, evt. andre samlingar der bøn, salmesong, forkynning og skriftlesing inngår.
  • Påskeljoset (dåpsljoset) skal berre brukast i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • All bruk av utstyr i kyrkja si eige skal avtalast på førehand med administrasjonen og/eller kyrkjetenar.

Brannvern og evakuering

Oppnemnd brannvernleiar har ansvaret ved evt. brann, og leier evakueringa og slokkingsarbeidet inntil det kommunale brannvesenet er komne på plass og overtek leiinga.

Brannvernleiar og nestleiar pliktar å gjere seg kjende med:

  • Rømningsplan og rømningsvegar.
  • Plassering av brannmeldar (automatisk til brannvesenet). Ved brann må ein i tillegg ringja 110.
  • Plassering av brannslangar og slokkingsapparat.

Når brannalarmen er aktivert skal brannvernleiar leia folk ut gjennom rømningsvegane. Dvs: informere folk om rømningsvegane, og assistera dei som treng hjelp til å kome seg ut. Dette kan gjerast gjennom lydanlegget, som i dei fleste tilhøve er i drift.

  • Det er ikkje lov å ta inn fleire personar enn kyrkja er godkjend for.
  • Alle rømningsvegane skal vera frie. Rømningsplanar finst i kvar kyrkje. 
  • Leigetakar må syta for at bilar ikkje sperrar innkjørselen til kyrkja, då dette hindrar naudetatane i å koma seg fram.  Det er òg trong for at rullestolbrukarar kan køyre inn på kyrkjetomten.
  • Lause mikrofon-/høgtalarleidningar skal førast mest mogleg saman og dekkast til med matter/festast på forsvarleg vis.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"