Programhefte

Mange ynskjer å laga eit programhefte istadenfor å bruke salmebøker. Dette er opptil dykk. Vi har nok salmebøker til 80 gjestar (50 i Manger).

Programhefte

Alle seremoniar i kyrkjene på Radøy føregår på nynorsk og difor bør programmet også vera på nynorsk. Dersom de skal laga program bør desse punkta vera med.

  • Inngangsmarsj: Namn på musikkstykket og komponist
  • Inngangsord
  • Salme: Teksten
  • Tekstlesing
  • Salme: Teksten ELLER Soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solisten
  • Tale
  • Ekteskapsinngåing
  • Overrekking av ringar
  • Forbøn og Herrens bøn (sjå under)
  • (Evt. soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solisten)
  • Salme: Teksten
  • Velsigning
  • Utgangsmarsj: Namn på musikkstykke og komponist.

Herrens bøn (Vår Far) må trykkjast i programmet:

Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi og tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra 
i all æve. Amen.

Send gjerne ein kopi av programmet til kyrkjekontoret før de trykkjer det. Då er det mogleg å gjere rettingar dersom vi oppdagar noko som er feil! 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"