Alle seremoniar i kyrkjene på Radøy føregår på nynorsk og difor bør programmet også vera på nynorsk. Dersom de skal laga program bør desse punkta vera med.
- Inngangsmarsj: Namn på musikkstykket og komponist
- Inngangsord
- Salme: Teksten
- Tekstlesing
- Salme: Teksten ELLER Soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solisten
- Tale
- Ekteskapsinngåing
- Overrekking av ringar
- Forbøn og Herrens bøn (sjå under)
- (Evt. soloinnslag: Namn på musikkstykket, komponist, namn på solisten)
- Salme: Teksten
- Velsigning
- Utgangsmarsj: Namn på musikkstykke og komponist.
Herrens bøn (Vår Far) må trykkjast i programmet:
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi og tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra
i all æve. Amen.
Send gjerne ein kopi av programmet til kyrkjekontoret før de trykkjer det. Då er det mogleg å gjere rettingar dersom vi oppdagar noko som er feil!